Normal tekst Stor tekst Ekstra stor tekst
 
 
 

Lemenår gav fjellrevboom

Publisert 08.09.2011

39 fjellrevkull og minst 270 kvalpar er kome til på landsbasis i år. Nesten halvparten av desse er fødd av revar som er sett ut i naturen frå avlsprogrammet for fjellrev.

Lemenår gav fjellrevboom
Fjellrev på Dovre. Foto Jan Ove Gjershaug

I sommar har fjellreven fått kvalpar i fleire fjellområde i Sør-Noreg. For ti år sidan var den sørnorske bestanden nesten heilt forsvunnen, mens den no utgjer bortimot halvparten av den totale norske bestanden. – Arbeidet som er gjort gjennom avlsprogrammet for fjellrev er unikt i norsk samanhang og blir nok også lagt merkje til internasjonalt. Forvaltningas langsiktige strategi for fjellreven er i ferd med å lukkast, seier miljøvernminister Erik Solheim.

I fjor nådde avlsprogrammet ein milepæl: for første gong fødde fjellrev som var sett ut frå avlsstasjonen på Sæterfjellet kvalpar i norsk natur, og det skjedde på Dovrefjell. I år er minst 118 kvalpar fødd av revar som er sett ut, og det utgjer mest halvparten av årets fjellrevkvalpar. Desse er fordelt på 14 kull – tolv i Dovrefjell, eitt på Finse og eitt i Sylane.

I tillegg har fjellrev frå Dovrefjell vandra til Helags i Sverige og fått kvalpar med svenske artsfrendar, mens individ sett ut i Junkeren har etablert seg i Vindelfjella på den andre sida av grensa. Også her er det registrert fleire kvalpekull der revar frå avlsprogrammet er foreldre.

Avlsstasjonen i Oppdal har vore i drift sidan 2005. Dyr frå fleire av dei små, isolerte fjellrevområda i Noreg og Sverige er fanga inn og plassert her. Drygt 200 kvalpar er fødd i stasjonen sidan oppstarten, og dei fleste av desse er sett ut i naturen – i Junkeren i Rana, på Dovrefjell, i Sylane og på Finse.

Fôrautomatane som er plassert der fjellrev vert sett ut blir flittig nytta når det er lite anna føde, men det er likevel ikkje slik at alle kvalpane lever opp. Når det er mykje lemen i fjellet aukar sjansen for god overleving, og dermed aukar også sjansen for at bestandane vert større. Håpet er at fjellrevane etter kvart skal bli mange nok til å klara seg sjølve, utan tilleggsfôring og tilføring av kvalpar frå avlsstasjonen.

Førebels oversyn over tal på fjellrevkull og kvalpar sommaren 2011: 

Fjellområde
Kommune
Tal kull
Tal kvalpar
Finse*
Ulvik
1
4
Snøhetta*
Dovre
1
12
Oppdal
9
80
Lesja
1
5
Knutshø*
Oppdal
1
5
Sylane*
Tydal
1
12
Børgefjell
Hattfjelldal
8
43
 
Røyrvik
3
7
Junkeren*
Rana
0
 
Rana aust
Rana
2
7
Saltfjellet
Saltdal
3
25
Indre Troms
Målselv
1
14
Reisa nord
Kautokeino
3
23
Ifjordfjellet
Tana
1
8
Varangerhalvøya
Vadsø
3
20
Båtsfjord
1
6
Totalt
 
39
271

Kjelde: Overvakingsprogrammet for fjellrev/Norsk institutt for naturforskning (NINA)
* Utsetjingsområde for avlsprogrammet for fjellrev


Kontaktperson i NINA: Arild Landa, tlf 93087930

Fakta:

  • Fjellreven er lista som kritisk truga i Norsk raudliste 2010
  • Bestanden i Noreg i dag tel truleg i underkant av 100 vaksne individ av fjellrev
  • Hovudutbreiinga er frå Midt-Noreg og nordover
  • Avlsstasjonen for fjellrev vart oppretta i 2005 i Oppdal
  • Det er fødd i overkant av 200 kvalpar i stasjonen. Om lag 160 av desse er sett ut, fordelt på
    Saltfjellet/Junkeren, Dovrefjell, Sylane og Finse
  • I 2010 og 2011 har fjellrev som er sett ut fått kvalpar i alle utsetjingsområde i Sør-Noreg
  • Utsetjing og oppfølging vert utført av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Statens naturoppsyn (SNO) på oppdrag frå Direktoratet for naturforvalting (DN)
  • Du kan følgje fjellrevane på avlsstasjonen på internett (nina.no)
       
Her kan du lese mer:

 

Del på Facebook TweetTwitter
Siste artikler

08.05.2012

Retter feil i laksefisketall

NINA og UMB har oppdaget feil i estimater i prosjektet Laks og Verdiskaping i Trondheimsfjorden (LOVIT), og retter opp dette ved å utgi korrigerte versjoner av to berørte rapporte...

Les mer...


02.05.2012

Norske havørner hekker i Irland

Havørnene som ble gjeninnført til Irland i samarbeid med NINA hekker for første gang i år. Dette er det første dokumenterte hekkeforsøket på øya på mer enn 100 år.

Les mer...


24.04.2012

Vil skogen innta Arktis?

Skoggrensen i Nordområdene forventes å trekke lenger nord i takt med varmere klima. Ny forskning viser imidlertid at sammenhengen mellom klimaendringer og forskyving av skoggrense...

Les mer...


16.04.2012

Gåsa trekker spesialister til Steinkjer

Ledende gåseforskere fra hele verden samles til konferanse på Steinkjer. Bestandsutvikling, tiltak for landbruk og jaktforvaltning står sentralt på programmet.

Les mer...


13.04.2012

Bli bedre kjent med humla

Pollinerende insekter har en særdeles viktig funksjon i naturen. Et «humlesamarbeid» mellom Artsdatabanken, NINA og Hageselskapet gir økt kunnskap om de pollinerende insektene i N...

Les mer...