Publikasjon

Tittel Gamal jakt- og fangstkultur som indikatorar på trekkmønster hjå rein
Undertittel Kartlagde fangstanlegg i Rondane, Ottadalen, Jotunheimen og Forollhogna
Forfattere Jordhøy, P.
År 2007
Kilde NINA Rapport 246: 41 pp.
ISBN, ISSN 978-82-426-1806-1
Referat

Rapporten tek utgangspunkt i NINA-rapport 19 (Gammel jakt- og fangstkultur som indikatorer for eldre tiders jaktorganisering, ressurspolitikk og trekkmønster hos rein i Dovretraktene) og held fram med resultat frå kartlegging av fangstanlegg for rein i Sør-Noreg. Hovudmålet er å vise korleis kulturspor etter villreinfangsten kan syna korleis villreinbestanden har nytta fjellareala i tidlegare tider. I alt er det granska eit større rusefangstsystem (Fellingvatnet), fem gravrekkjesystem (Lordalen, Vuludalen, Sjodalen/Små-dalen og Kvikneskogen) og mindre samlingar med fangstgroper og bågåstøer. I registreringsarbeidet vart det teke utgangspunkt i tidlegare registreringar. Arbeidet fylgde ein standard registreringsprosedyre med relevante parametrar, og objekta vart lokalisert med GPS. Anlegga sin storleik og lokalisering bekreftar at reinen har trekt i stort tal og over betydelege avstandar. Av dei få dateringar som ligg føre frå fangstanlegga (både fra denne og tidlegare granskingar) framgår det at ruseforma anlegg hovudsakeleg var i bruk i vikingtid og tidlig middelalder. Gravrekkene har ein større spreiing i tid, men også desse har ein liten overvekt av dateringar frå denne perioden.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no