Publikasjon

Tittel Markbulia - Einunna
Undertittel Verknad på villrein ved endring i regulering av inntaksdam
Forfattere Jordhøy, P.
År 2007
Kilde NINA Rapport 302: 47 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1866-5
Referat

Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB) og Østerdalen kraftproduksjon har planar om å byggje ny inntaks- og reguleringsdam i Markbulia i Einunnavassdraget, Folldal kommune. I tillegg er det planar om å byggje eit nytt Einunna kraftverk som skal erstatta dagens kraftverk. Etter tidlegare handsaming i Samla Plan for vassdrag og vassdragsreguleringar inngår omsøkt alternativ under prosjekt som kan konsesjonsøkjast. Eit etter måten stort areal (3,07km²) vil bli neddemt ved ny regulering (figur 1) etter dei planane som ligg føre, i høve til dagens magasin (0,32km²). Dette tilsvarer vassvolum på 18 mill. mot 1,2 mill. m³. Planane inkluderer bygging av ny dam (steinfyllingsdam med morenekjerne) over dalføret over ei strekning på 600m nedover frå eksisterande dam. Ein sperredam av same type som hovuddammen vil bli bygd på vasskiljet mot Moskardet og Folldalen. Områda som vert påverka av utbygginga utgjer funksjonsareal innan leveområda til villreinbestanden i Knutshø villreinområde. Målet med denne rapporten er å få synt kva konsekvensar ein vidare vassdragsutbygging i dette området vil kunne ha for villreinen her. Gamle fangstsystem viser at det har vore utstrekt utveksling av rein, ikkje berre mellom Knutshø og Rondane/Snøhettaområdet, men og over til Trollheimen og Forollhogna frå gamalt av. Reinen sine årstidsbeite låg opphavleg i ulike klima- og vegetasjonssoner. Såleis har reinen til dømes i Dovre/Rondane nord – Knutshø tidlegare hatt ein relativt markert sesongbeitegradient, med vinterbeita i kontinentale, austlege område og sommarbeita i grove trekk vestanfor ein nord-sørakse ved Dovremassiva. I dag er denne gradienten redusert på grunn av barrierar, slik at fordelinga av funksjonskvalitetar har vorte meir skeiv enn tidlegare. I Snøhetta har ein rett nok framleis ein svak gradient med sommarbeite vest for Dovremassiva og vinterbeita i ein avgrensa sone vestover frå trafikkåra E-6 og jarnvegen over Dovre. Registreringar i Snøhetta-, Knutshø- og Forollhognaområdet viser at mange bukkeflokkar vart funne i randsonane i leveområda (Jordhøy 2001, Jordhøy og Guldvik 2001), der dei søkjer det første grøntbeitet i dei lågareliggande regionane. Flokkane sin utbreiing og førekomst i Forollhogna var påverka av dominerande vindretning gjennom registreringsperioden. Flokkane var dominert av vaksne bukkar, 3 år og eldre. I Knutshøområdet vart det gjennomført vårregistreringar av bukkeflokkar i 1998- 2000 og i 2007. Registreringane i 1998-2000 syner at mange av flokkane vart funne i Einunndalen og liene ikring. Også i lågareliggande strok ned mot Folldalen vart det funne ein del flokkar. Fleire småflokkar vart og funne i og ikring Unndalen på Oppdalssida. Registreringane i 2007 syner eit noko anna bilde, med fleire flokkobservasjonar innan lågareliggande terreng i tangeområdet vest for Vinstradalen, men også i 2007 er det observert større flokkar kring Einunndalen/Kakelldalen. Ved alle registreringane var det svært lite observasjonar i den nordlege delen av villreinområdet. Markbulidammen ligg i randsonen av leveområdet til villreinen i Knutshø. Innan området som vil bli direkte råka av ei mogleg utbygging finn ein viktige beiteressursar for rein. Her er ein fin mosaikk av både lavbeite og grøntbeite. Dette er viktig i perioden når dyra går over frå vinter- til sommarbeite. Observasjonar og røynsle elles viser at det gjerne er bukkeflokkar som nyttar dette området til vår- og forsommarbeite. Bukkeflokkar er sett her på hausten og, men det er truleg meir sporadisk. Anleggsperioden vil generere betydeleg uroing for reinen som nyttar området. Bukkeflokkane sin tradisjonbruk av området vil difor kunne opphøyre i kortare eller lengre tid. Røynsla viser at dyra tek opp at bruken etter ei tid, dersom uroinga opphøyrer etter ferdigstilling av anlegget. Dersom anlegget etterlet seg vegnett med betydeleg heva standard og brukstilgang, kan dette ha potensiale i seg til auka trafikk og såleis meir uroing for reinen på sikt. Bandlegging av aktuelt beiteareal for rein i samband med ei mogleg heving av inntaksmagasinet utgjer nærare 3 km². Dette er klart negativt for reinen i Knutshøområdet. Kva dette vil utgjere i redusert bæreevne for bestanden er rett nok vanskeleg å rekne ut nøyaktig. Anna bandlegging av areal vil ein få i samband med steinbrot og massedeponi, samt sjølve damkonstruksjonen. Dette er av relativt lite omfang og i større grad utanfor viktige funksjonsområde for rein. I samband med vegar som skal nyttast til anleggsverksemd, skal ein ruste opp eksisterande vegnett og ein vil såleis unngå bandlegging av areal til nye vegtrasear. Isolert sett er dei største negative konsekvensane av prosjektet for rein knytt til neddemming/bandlegging av viktig beiteareal. Området sin funksjon som trekkområde er og reell, og i ljos av trongen for utveksling av dyr områda imellom (innan vedtekne europeiske villreinregionar), må ein også påpeike den negative effekten reguleringa kan få i ein slik samanheng. På bakgrunn av det samla og aukande presset villreinen i Knutshøområdet og regionen ikring (særskilt Rondane og Snøhettaområdet) er utsett for, vil dette inngrepet vere eit nytt negativt element. Det er viktig å sjå heilskapen av avgrensingar for reinen i ein slik prosess, der kvar bit er med og dannar det totale inngreps- og uroingsbiletet.
Oppdragsgiver Glommens og Laagens brukseierforening (GLB).

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no