Publikasjon

Tittel Problematikk ikring ferdsle og villrein i Rondane
Undertittel
Forfattere Jordhøy, P.
År 2008
Kilde NINA Rapport 331: 51 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1895-5
Referat

Noreg er i dag ansvarsnasjon for bevaring av villrein i Europa og forvaltar meir enn 90 % av den Europeiske villreinen innan 23 meir eller mindre oppdelte område i Sør-Noreg. Historiske fangstanlegg for rein viser at reinen før moderne tid hadde eit stort, samanhengande leveområde i Dovre – Rondane. Jarnveg, veg- og kraftutbygging, samt utstrekt bygging av fritidshus m.v. har redusert og fragmentert Europa sin einaste opprinnelege fjellreinbestand i 6-7 delområde/einskildbestandar. Dette har ført til ein ujamn fordeling av sesongbeite i einskildområda og såleis ein redusert bæreevne og robustheit for bestanden. I den nordlege delen av Rondane er det lite sommarbeite, særskilt i tørre og varme somrar. Men her er svært rike lavressursar og gunstige snøtilhøve i vinterperioden. Vest for Rondane ligg Snøhettaområdet og her er vinterbeitet derimot ein klar minimumsfaktor. Det finns eit mangfald av spor etter gammal fangst av rein i Rondane. Desse anlegga er omfattande og fortel oss at det tidlegare har vore stor utveksling av dyr over aksen frå midtre/sørlege Rondane og inn mot fjellmassiva i nordvest. Store fangstanlegg nordvest for Rondanemassiva, mot Dovrefjell, viser at flokkane ein gong trekte enda lengre mot vest – jamvel heilt ut mot Mørefjella. Vidare viser anlegga at det har vore trekk på flankane av fjellmassiva og gjennom naturlege passasjar inne i sjølve fjellmassiva, som har ført flokkar mellom den midtre- og nordlege delen av leveområda i Rondane. I Rondane sørområde er det og registrert mange reinsgraver. Dei sørlegaste er funne heilt sør ved Storbekkfjellet i Storelvdal. Konsekvensane av menneskeskipa inngrep og uroing på naturmiljøet har vore eit sentralt granskingsemne dei siste 20-30 åra. Som resultat av denne granskinga har både kunnskapen om effektane av desse problema og metodene som vert nytta i granskinga endra seg betydeleg. Gransking som i all hovudsak var retta mot individuelle reaksjonar på einskilduroing eller einskildinngrep (f. eks. korleis ein rein reagerer på forstyrring frå helikopter) har endra seg til at ein no har større fokus på korleis populasjonar vert påverka av summen av inngrep og uroing (kumulative effektar). I denne samanheng har nyare gransking dokumentert at tettheit av ulike organismar minkar i områder med mykje menneskeleg aktivitet eller infrastruktur. Dokumentasjonen på slike effektar omfattar ulike artsgrupper og inkluderer insekt, krypdyr, fuglar, klauvdyr (inkl. villrein), rovdyr og aper. Eit fellestrekk ved desse granskingane er at effektane ser ut til å vere størst hjå organismar som lever i opne landskap (til dømes fjell- eller tundraområder. Variasjonen i beite og klima tilseier at reinen har mange ulike næringskvalitetar i ein lang gradient frå dei søraustlege til dei nordvestlege delane av Rondane. Reinen har ein svært dynamisk arealbruk og dyra nyttar over lengre tid heile leveområdet, dersom uroing og barrierer ikkje set grenser for det. Dette gjev dei gamle fangstanlegga haldepunkt om. Ein indikasjon på korleis dyra nyttar areala gjev og kartfesta flokkobservasjonar gjennom året. I Rondane har ein sidan 1984 gjennomført systematiske teljingar på vinteren og om sumaren for å få greie på storleik, tilvekst og samansetjing i bestanden. Bestanden tel totalt vel 4000 vinterdyr i Rondane totalt sett. Av dette er det ikring 2700 vinterdyr i Rondane Sør. Jaktkvoten i heile Rondane har dei siste åra vore på vel 1500 dyr (ca 900 dyr i sørområdet) og fellingsprosenten har vore ikring 60. Det er ein produktiv bestand her, med god tilvekst og etter måten høg andel av produksjonsdyr. I tilhøve til nasjonale miljømål er andelen av vaksenbukk (tradisjonsbærarar) no for låg i Rondane (ikring 10%). Vitale funksjonar i bestanden er påverka av eit godt vaksenbukkinnslag, så som igangsetting av brunsten og nytting av dei ytre delar av leveområdet. Totalt sett har likevel bestanden i Sørområdet vore godt forvalta sidan den vart bygd opp att på 1970-talet. Dette er ein viktig årsak til at dagens bestand er så stor og vital. Med ein større vaksenbukkandel ville truleg bestanden no vore i høveleg balanse med bereevna. Tap av leveområde vil krevje reduksjon av bestanden. Rondane er eit svært viktig område for utøving av tradisjonelt friluftsliv (turvandring, jakt og fiske, vintersport). Rondane har ei utforming som gjer fjellområda her etter måten lett tilgjengelege. Omfanget av vegar (også vinterbrøyta), hyttebygging og høgfjellshotell er totalt sett stort og har ført til ein gradvis auke i ferdsle til alle årstider. Områda i aust og nordaust i Ringebu, kor ein betydeleg del av vinterbeita finns, er noko mindre belasta med hytter og turistanlegg enn områda i sør- og sørvest mot Gudbrandsdalen. Potensialet for vasskraft er lite i Rondane, og regionen er difor lite råka av kraftutbygging. Primærnæringane genererer ein del ferdsle, gjennom beitebruk og jordbruk (randsonene). Fleire av dei noverande stiene inne i fjellet er konfliktfylte i høve til reinen, slik som til dømes traseane mellom E-6 og Grimsdalshytta, Grimsdalshytta/Haverdalssetri og Høvringen, samt mellom Høvringen og Mysuseter/Rondvassbu. Det er viktig at vitale trekkområde i sør mellom den midtre og nordre delen av Rondane ikkje vert stengd av. Sjølv om fjella innover frå Høvringen, Mysuseter og Furusjøen ikkje har høg førekomst av rein i dag, viser gamle fangstanlegg saman med naturlege funksjonskvalitetar at dette utgjer vitale delar av leveområdet for reinen i Rondane. Den låge observasjonsfrekvensen her dei siste decenniar kan vera resultat av stor ferdsle og forstyrringsgrad, men også av naturleg vekselbruk hjå reinen. Ut frå naturgrunnlaget og andre haldepunkt er det difor ikkje noko som tilseier at reinen skulle unngå desse områda om den ikkje blir uroa. Generelt er det ein fordel å samla ferdsla på få stiar/løyper framfor å spreie den i mange. Erfaringskunnskap og kartfesta reinsdata tilseier vidare at nokre stiar/løyper kan verta til mindre ulempe for reinen om ein legg om/justerer traseane. Fleire av dei noverande stiene inne i Rondane er konfliktfylte i høve til reinen, slik som til dømes traseane mellom E-6 og Grimsdalshytta, Grims dalshytta/ Haverdalssetri og Høvringen, samt mellom Høvringen og Mysuseter/Rondvassbu. Det er viktig at vitale trekkområde i sør mellom den midtre og nordre delen av Rondane ikkje vert stengd av. Sjølv om fjella innover frå Høvringen, Mysuseter og Furusjøen ikkje har høg førekomst av rein i dag, viser gamle fangstanlegg saman med naturlege funksjonskvalitetar at dette utgjer vitale delar av leveområdet for reinen i Rondane. Den låge observasjonsfrekvensen her dei siste decenniar kan vera resultat av stor ferdsle og forstyrringsgrad, men også av naturleg vekselbruk hjå reinen. Ut frå naturgrunnlaget og andre haldepunkt er det difor ikkje noko som tilseier at reinen skulle unngå desse områda om den ikkje blir uroa. Ridning og bruk av hest i samband med friluftsliv i fjellet (Rondane) har i dag truleg ikkje eit omfang som generer noko stort problem i høve til rein. Det er i dag 6 bedrifter der rideturar utgjer eindel av tilbodet, frå Hjerkinn i nord til Ringsaker i sør. Desse turane berører villreinen sine leveområde innan Dovre og Rondane nasjonalparkar, og går føre seg i faste trasear. Kiting er ein etter måten ny aktivitet i fjellet og kan ved fri utøving generera stor uroing for reinen i ein periode da reinen er sårbar. Med bakgrunn i den høge skyheita reinen i Rondane har for menneske i ope landskap, tilseier dette at ein bør legge til rette for slike aktivitetar i klart definerte område som ikkje uroar reinen. Sledehundkøyring har tiltatt i omfang dei siste tiåra og den kan medføra stor uroing for reinen dersom den ikkje blir regulert innan godkjente, meir konfliktfrie trasear. Med bakgrunn i den høge skyheita reinen i Rondane har for menneske i ope landskap, tilseier dette at slik trafikk blir forsøkt lagt til lågareliggande, skogkledd terreng der denne aktiviteten ikkje blir så sterkt eksponert for reinen. Terrengsykling vil truleg ha like stor uroingseffekt på reinen som ein fotturist som fylgjer faste stiar. Det er her snakk om ein barriereeffekt, da ein føreset at terrengsykling helst går føre seg i tilrettelagte trasear. Særskilte studiar i høve til dette er etter kva ein kan sjå ikkje kjent.
Oppdragsgiver Fylkesmannen i Oppland.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no