Publikasjon

Tittel Villreinen i Rondane – Sølnkletten
Undertittel Status og leveområde
Forfattere Jordhøy, P. (ed.)
År 2008
Kilde NINA Rapport 339: 67 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1903-7
Referat

I samband med Fylkesdelplan for Rondane-Sølnkletten er det trong for oppdatert skildring og kartlegging av reinen sin områdebruk i denne regionen, og trekking av ei ytre biologisk grense for leveområdet. Villreinens historikk og status i Rondaneregionen er relativt godt kjent gjennom mange studiar og overvaking. Mykje kunnskap er publisert om eit vidt spekter av tema, frå forureiningsøkologi til bestandsdynamikk og habitatbruk. Ein har i dette arbeidet lagt stor vekt på å framskaffe mest mogleg av loggførte observasjonar frå ulike delar av granskingsområdet. Dette er gjort for å styrkje underlaget for visualisering og forståing av reinen sitt funksjonspotensiale i området. Fjelloppsynsmennene i Rondane har oppsummert sin røynslekunnskap om reinen sin områdebruk over lengre tidsperiodar. Det er elles henta mykje informasjon frå DN sin villreinklient og ei rekkje skriftlege arbeid frå tidlegare. Eit sett av kvalitative og kvantitative data frå lange tidsrom skal saman kunne gje eit bilde av leveområdet og tilhørande villreinbestandar. Denne fagrapporten skal såleis gje ein oppdatert framstilling av villreinen sin status og biologiske funksjonspotensiale i Rondane – Sølnkletten. Som avgrensing av reinen sine leveområde har ein tidlegare ofte nytta grensa for teljande areal. Dette høver ikkje alltid godt med grensa for dei områda villreinen naturleg vil bruke. Grensa for teljande areal er trekt med omsyn til fordeling av fellingskvota i mange villreinområde. I denne rapporten har hovudmåla vore å få fastsett denne grensa for dei områda villreinen naturleg vil bruke, og gje ei fagleg grunngjeving for grensetrekkinga, samt ein oppdatert kartframstilling med omtale av områda sine ulike funksjonar. Randsonene ikring leveområda for villrein innehar viktige kvalitetar og funksjonar for arten. Ofte ligg desse sonene lågt der ein har tidleg spiring. Bukkane sin raske kroppsvekst og simlene sin mjølkeproduksjon krev god tilgong på protein som dei helst finn i spire- og ung fase hjå grøne planter. Vi ser da også av våre registreringar at bukkeflokkane ofte nyttar areal i desse sonene om våren. Beitepotensialet kan også vere betydeleg om hausten for alle kategoriar dyr (tilgong på sopp). I austlege villreinområde som Sølnkletten og Rondane (den sørlege delen) nyttar reinen skogområda i større grad. Her har reinen viktige habitat mellom anna i store skogsmyrkompleks, som utgjer viktige proteinkjelder. Elles utgjer randsonene viktige forflyttingsområde når dyra trekkjer mellom ulike fjellparti/funksjonsområde. Totalt har vi tilgang til 6212 stadfesta flokkobservasjonar som er registrert i perioden 1978-2008. Rapporten byggjer på data som dels er av kvalitativ karakter og som omfattar kartmateriale og røynslekunnskap hjå oppsyn og andre med stor kunnskap om desse villreinområda. I tillegg har vi hatt tilgang til kvantitative data frå overvakingsprogrammet og registreringar som er gjort i samband med oppsyn og anna aktivitet i områda. Ei ytre avgrensing av leveområdet støttar seg både på kvalitative og kvantitative data. Dei kvalitative datasetta kan ha sin styrke i høve til at den røynslebaserte kunnskapen ofte kan vere både detaljert, dekke lange tidsrom samt at den finns hjå menneske som har ein breid røynslebakgrunn frå sine områder. På den andre sida har vi begrensa høve til å etterprøva representativiteten i dei dataene vi har til rådvelde. Kunnskap kan også nyttast strategisk, noko som mellom anna er dokumentert tidlegare i samband med både arealsaker og bestandsforvaltinga av villrein. Kombinasjonsbruken av kvalitative og kvantitative data gjer at ein fangar opp eit vidare og meir utfyllande bilete av dynamikken i reinen sin arealbruk.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning, Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Oppland.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no