Publikasjon

Tittel Eikesdal alpin
Undertittel Verknader på villrein i høve til utbygging av alpinanlegg
Forfattere Jordhøy, P.
År 2008
Kilde NINA Rapport 365: 68 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1929-7
Referat

Eikesdal alpin AS ynskjer å få utarbeidd ein villreinfagleg uttale i samband med planar om skiping av alpinanlegg i Eikesdal, Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Desse områda råkar randsonen og nordvestlege delen av Snøhetta villreinområde. Målet er å få kasta ljos over kva konsekvensar utbygginga vil ha for reinen, og tiltak som er aktuelle for å skjerme villreinen sine funksjonskvalitetar her. Villreinen sin opphavelege, nomadiske vandringsmønster ser vi idag berre ein antydning av, som fylgje av menneskeskipa barrierer og aktivitetar. Den sterkt begrensa utbreiinga av villrein i Skandinavia, saman med ein sterk grad av fragmentering innen hovudutbreiingsområdet i Sør-Noreg, har ført til at reinen har ulik fordeling av sommar- og vinterbeiter. Dette kan ein sjå spor etter i reinen sin populasjonsdynamikk. Oppsplitting av bestandar og forringing av leveområder er elles dei mest trugande faktorar for ivaretaking av eksisterande genetiske ressursar. Det er ein klar samanheng mellom leveområda sin storleik, bestanden sin storleik, genetisk utveksling og sikring av av genetisk varasjonsbreidde. Ein konsekvens av fragmentering er og at bestandane må regulerast nøye gjennom jakt, slik at det er eit rimeleg tal dyr i høve til tilgang på beite. Gjennom ulike teljingar og andre granskingar har ein over lang tid fått eit sett av haldepunkt om reinens områdebruk i Snøhettaområdet og Vestområdet særskilt. Jamnlege minimumsteljingar på vinteren og kalveteljingar på våren/forsommaren har mellom anna gjeve informasjon om flokkane sin førekomst og korleis dette mønsteret har endra seg over tid. Omfattande intervjugranskingar har også gjeve mykje informasjon om dette emnet. Vidare har ulike konsekvensutgreiingar vore med på å kaste ljos over dette emnet. Ser ein isolert på beitegrunnlaget utgjer dei vestlege delane av leveområdet til reinen hovudsakeleg sommarbeiteland. Tidlegare intervjugranskingar gjev rett nok eit variert bilde av reinen sin bruk av dei vestlege areala vinterstid. Når ein oppsummerer dei haldepunkta som finns frå teljingar, beitegranskingar, intervju og anna, ser ein at arealbruken over aust-vestaksen i Vestområdet varierer med snøtilhøve, vindretningar, bestandsstorleik. Med aukande grad av inngrep/uroing har og dette etter kvart blitt ein faktor som påverkar arealbruken til reinen. I dag er ein særskilt oppteken av kva uroingspotensiale ulik tilrettelegging har for reinen. Vi veit at reinen i Snøhetta vestområde er svært sky og vil flykta på lange avstandar når den oppdagar menneske. Ut frå dei føresetnadene som framgår i planskildringa er det vanskeleg å fastslå kor mykje uroing dette anlegget samla, eller oppdelt vil kunne generera. Kor mange skigåarar vil ta skitrekka opp og gå turar innetter fjellet vinterstid? Kor mange vil utøve andre vintersportaktivitetar innetter fjellet, så som til dømes kiting? Kva tid på året (og på vinteren) vil det vere størst aktivitet? Her er mange ukjente forhold som legg ulike føringar for uroingsbildet. Røynsla frå andre turistanlegg i randsonene av villreinområde er at tilrettelegging genererer mykje uro for reinen, og at den difor etter kvart unnvik viktige funksjonsområde. I utbyggingsplanen er det ein klausul som seier at ferdsle frå anlegget og innetter fjellet skal regulerast i høve til førekomst av rein i området. Dette vil vere ei særs vanskeleg oppgåve, på grunn av uoversiktleg kupert fjellterreng, vindtilhøve, ein svært sky bestand og vanskeleg overvakingssituasjon. Men dersom ein ser bort frå toppheisane og potensiell uroing desse kan generera, vil prosjektet utan desse ha langt mindre konfliktpotensiale i høve til villrein (dersom det ikkje på andre måtar blir tilrettelagt for ferdsle inn i fjellet). Utnytting av dei bratte liene (isolert sett) der anlegget er skissert lokalisert (sone 2 og 3 utan toppheiser) vil i stor grad omfatta terreng som i liten grad er brukt av villrein. Bukkeflokkar kan trekke ned i viggekantane på våren (frå april), men det er ikkje observert bukkeflokkar på våren i desse nordvendte likantane her, det ein kjenner til. Truleg vil groen koma tidlegare i den sørvendte lia og gjere den meir aktuell for vårbeiting i så måte. Ny skisse med 3 planalternativ er lagt fram i vedlegg 1. og oppdragstakar er bede om å vurdere konsekvensar for rein ved utbygging etter alternativ 3 i denne Dette alternativet innebær at heiskortavtalen regulerer ferdsla og ikkje tillet ferdsle inn i reinen sine leveområde. I praksis vil da anlegget i hovudsak omfatte heistransport opp og nedfart. Dersom ein slik avtale viser seg gjennomførbar og varig i praksis, slik at tilrettelegginga for ferdsle ikkje vert endra i høve til dagens – vil sjølve skianlegget kunne ha lite merkbare negative konsekvensar for reinen i området. Mogleg sekundæreffekt av hytteetableringar vil elles kunne vere auka trafikk innetter Aursjøvegen (som er konfliktfylt i høve til trekk over dalen nedafor Aursjødammen).
Oppdragsgiver Eikesdal Alpin AS.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no