Publikasjon

Tittel Vassdragsutbygging i Årdalsvassdraget i Rogaland - Moglege konsekvensar for villrein
Undertittel Prosjekta Sandvatn - Nes og overføring av Øvre Daladalen til Lyngsvatn
Forfattere Jordhøy, P., Strand, O. & Bay , L.A.
År 2009
Kilde NINA Rapport 518: 30 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2090-3
Referat

Lyse produksjon har planar om å nytte vassfallet mellom Sandvatnet og Storåna ved Nes i Rogaland i to nye kraftverk, samt overføre øvre Daladalen til Lyngsvatn. Områda som vert påverka av utbygginga utgjer randsoner innan leveområda til villreinbestanden i Setesdal Ryfylkeheiane villreinområde. Målet med denne rapporten er å få synt kva moglege konsekvensar inngrepet vil kunne ha for villreinen her. Lyngsvatn og omegn ligg innan Setesdal Ryfylkeheiane villreinområde, som grensar mot Hardangervidda i nord og Setesdal Austhei i aust. Dette villreinområdet er vårt nest største og huser Europas sørlegaste villreinbestand. Ut frå førekomst og utbreiing av fangstrelaterte kulturminne i Setesdalsheiane, samt røynslekunnskap om reinen sin områdebruk, indikerer det at området ikring Lyngsvatn og Sandvatnet truleg har vore randsoner i villreinområdet. Setesdal-Ryfylkeheiane har vore underlagt omfattande granskingar i for- og etterkant av vasskraftutbyggingsprosjekt, og resultata viser i hovudtrekk at dyra sin arealbruk i aukande grad har vore påverka av dei store vassdragsreguleringane. Etableringa av Blåsjø, har saman med tidlegare utbyggingar, ført til barriereeffekt slik at områda vest for nord-søraksen Blåsjø - Svartevatn har vorte tyngre tilgjengeleg for reinen. I dei siste åra har NINA i samarbeid med lokal villreinforvaltning hatt i gang eit GPS-prosjekt i Setesdalsområda. Eit tal simler har vore fylgd jamnt slik at ein skulle kunne sjå kva områder som har vore nytta. For dei siste to åra har ein registrert at det meste av vinterobservasjonane har vore i den nordlege delen av Setesdal- Ryfylkeheiane, mest konsentrert til området ikring Store Urevatn og Vatnedalen. Same mønsteret er det for sommarobservasjonane, men her med ein litt nordlegare konsentrasjon. I perioden januar-oktober 2009 er også hovudtyngda av merka simler registrert aust for aksen Blåsjø - Svartevassmagasinet (figur 9). I vest er det rettnok plott frå Litle Auradalen i sør (Kolbeinstrondi) til Storsteinsvatnet i nord (Simlekvelven) og vestover mot fylkesgrensa på høgste Auråhorten. Ein må gjere merksam på at merkeprosjekta ikkje fangar opp bukkeflokkane sin bruk av områda i den grad bukkane ikkje er integrerte i fostringsflokkane - da ein ikkje har GPSsendarar montert på bukkar i mangel på godkjent metode. Anleggsperioden vil generere uroing for reinen som nyttar området. Flokkane sin tradisjonbruk av området vil difor kunne opphøyre i kortare eller lengre tid. Røynsla viser at dyra tek opp at bruken etter ei tid, dersom uroinga opphøyrer etter ferdigstilling av anlegget. Utbygginga sine inngrep (tunnellar og nedgravde røyrgater) vil ikkje i noko omfang utgjere permanent forringing av beite eller fysiske barrierer for reinen. Området ligg i ein sone med mykje nedbør og har såleis store snømengder vinterstid og vinterbeitepotensialet er difor avgrensa. Men området utgjer viktige sommarhabitat for reinen, og sesongen for barmarksbeite er relativt lang. Ut frå kunnskap om generell habitatbruk og kjente observasjonar, vil ein elles tru at det i størst grad er bukkar som trekker vestover til desse traktene i barmarkssesongen. Lokal røynslekunnskap tilseier rett nok at også fostringflokkar kan førekoma her, men at dette mellom anna avheng av bestandsstorleiken. I det heile kan vi ikkje sjå at inngrepa i seg sjølve vil kunne føre til store permanente konfliktar i høve til rein, men uroing i anleggsperioden vil kunne føre til at reinen i større grad enn normalt unnvik området for ein periode. Bandlegging av aktuelt beiteareal for rein i samband med inngrepa vil truleg vere av lite omfang, men ein må anmerke at delar av området har mykje lausmassar som generelt sett gjev betre beite enn det som er vanleg i dette grunnfjellsprega området. Ein bør tilstrebe minst mogleg uroing (menneskeleg aktivitet) i dei delane av utbyggingsområdet som ligg innan reinen sine leveområde, og at reinen sitt funksjonspotensiale på sikt blir det tilnærma same som før utbygginga. Det vil seie at området til dømes ikkje blir lettare tilgjengeleggjort gjennom betra vegutbygging og anna tilrettelegging.
Oppdragsgiver Lyse Produksjon.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no