Publikasjon

Tittel Registrering av villreinen sin områdebruk i Tjønnseterfjellet - Gråhø, Nord-Fron og Sør-Fron kommunar 2007- 2009
Undertittel
Forfattere Jordhøy, P.
År 2010
Kilde NINA Rapport 558: 17 pp + vedlegg. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2134-4
Referat

Tjønnseterfjellet er kategorisert som eit "observasjonsområde" i gjeldande fylkesdelplan for Rondane. Det betyr at det er eit mål å kartlegge villreinen sin arealbruk nærare for bruk i vidare arealplanlegging, forvalting og vurdering av ferdsle. Dette prosjektet er ein direkte oppfylgjing av planen sin handlingsdel. Fylkesdelplanen er nå til revisjon, og ny kunnskap er difor viktig i den samanhengen også. Som supplement til pågåande prosjekt med data frå GPS-merka simler i Rondane er det viktig med slike kartfesta observasjonar av bukkeflokkar, då ein ikkje har merka bukkar i GPS-prosjektet. Såleis vil ein få nokre haldepunkt om korleis bukkeflokkane utnyttar området i høve til simlene. Tjønnseterfjellet/Gråhø er ein randsone som utgjer viktige habitat for reinen i Rondane. Det vart lagt opp ein plan for observasjonsprogram der ein frå faste punkt og utvalgte trasear skulle avsøka terrenget ved hjelp av kikkert og teleskop. Så langt mogleg skulle eit få oversyn over flokkane sin lokalisering , tal og struktur (kjønnsog aldersfordeling). Om våren og forsommaren søkjer bukkeflokkane ned mot fjellbandet for å finna tidleg groe/beite med mykje råprotein, som er avgjerande for oppbygging av muskelmasse og gevir. På grunn av stort energiforbruk under brunsten kan bukkane ofte vere i dårleg kondisjon når dei møter vinteren. Samstundes er dei fortrengt frå dei beste vinterbeita av dei no dominante simlene. Trongen til slikt beite er så sterk om våren at bukkane kan trekkja langt ned i fjellskogen, der slike beiteemne er tidleg tilgjengelege. Totalt vart det observert 101 reinsflokkar og sporteikn etter 12 flokkar på 197 observasjonsturar i heile perioden. Det er stor variasjon på tal observerte dyr/år i perioden. Hovedtyngden av alle observasjonane vart gjort om våren og på forsommeren. Nesten alle observerte flokkane bestod av bukk, berre 2 flokkar vart bestemt til ”blandingsflokkar” og ei var ubestemt. Resultata viser at heile Tjønnseterfjellet/Gråhø i større eller mindre grad vert nytta av rein, mest bukk. Det ser ut som området Nåsåberget – Gravdalsfjellet - Rundkollen – Brattfjellet samt Veslefjellet, var dei mest sentrale områda i. I tillegg nytta reinen områder nede i skogen ved t.d. Tjønnsetra. Det var også ein del beiting inne på ulike kveer i vårsesongen. Ein har i prosjektperioden 2007-2009 også registrert kjente fangstgroper i Tjønnseterfjellet. 4 i Framre Fiskedalen og 4 i Gravdalsmunningen, samt 1 grop ved Skarven og 2 ved Fjelltjønn. I tilgrensande område har ein kartlagt fangstgropanlegg langs Store-Ula og fangstruse på Bløyvangen. Anlegga viser at det har vore stor trafikk av rein i desse områda i tidlegare tider. Det er viktig å sjå reinen sin bruk av leveområda over lang tid, da den er svært dynamisk og vekslar i takt med ulike påverknader – både naturgjevne og menneskeskipa. Såleis får ein også betre kunnskap om kva slike øyfjell betyr for bestanden. Meir data frå dette området vil difor kunne gje meir kunnskap om dette og flokkane sin arealbruk generelt. Ein vil difor tilrå at ein held fram med å registrera reinsflokkar i området, etter same opplegg som i dag. I tillegg er det ynskje om å få opplysningar om strukturen (kjønns- og alderssamansetjing) i den einskilde flokken.
Oppdragsgiver Nord-Fron kommune.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no