Publikasjon

Tittel Etterundersøkingar og konsekvens-utgreiingar for Hitra vindpark (Hitra 2). Naturmiljø med unntak av fugleliv
Undertittel
Forfattere Veiberg, V. & Pedersen, H.C.
År 2010
Kilde NINA Rapport 533: 25 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2108-5
Referat

Hitra vindpark består i dag av 24 vindturbinar der alle er lokalisert på Eldsfjellet. Parken vart formelt opna i oktober 2004 etter vel eitt års byggeperiode. Relatert til vindparken er det laga 20 km med veg som er fundamentert på fjell. I tillegg er det lagt ned 25 km med jordkabel og strekt 10 km med kraftlinje til Fillan. SAE Vind planlegg no ei utviding av vindparken (Hitra 2). Dette vil innebere oppsetting av inntil 25 nye turbinar med tilhøyrande infrastruktur. I tillegg er det behov for ca. 10 km med ny kraft-linje frå parken og sørvestover dit det er planlagt ein ilandføringskabel til Tjeldbergodden. Ut-byggingsplanen inkluderer også ein mogleg ny tilkomstveg til vindparken frå sør. Denne rapporten gir ei vurdering av i kva grad den eksisterande utbygginga av Hitra vindpark har hatt nemneverdig innverknad på det terrestriske dyrelivet (unntatt fuglar) på og omkring Eldsfjellet. Vi vurderer også i kva grad gjennomføringa av Hitra 2 vil ha negative konsekvensar på dei same forholda. SAE Vind har også spesifisert at det er ønskjeleg med ei estimering av hjortebestanden i området og kor vidt eksisterande utbygging har hatt, og neste byggetrin kan få, negative konsekvensar for utøvinga av jakta på denne. Det er ikkje grunnlag for å hevde at Hitra vindpark har hatt varige konsekvensar for dyrelivet i influensområdet. I samband med sjølve utbyggingsarbeidet vart det registrert at hjorten trakk vekk frå nærområda til aktiviteten, men utan at det vart meldt om at dette fekk følgjer i form av redusert uttak og jaktinntekt frå dei aktuelle jaktfelta. Utbygginga av vegnettet på Eldsfjellet har vore positivt for utøvinga av hjortejakt vest, aust og nord for vindparken. Dei same områda er også populære jaktområde. Dei negative konsekvensen knytt til den planlagde utvidinga av Hitra vindpark vil i all hovudsak vere knytt til direkte tap av leveområde i form av tekniske inn-grep. Det er usikkert kor vidt støy frå vindturbinar i desse områda i tillegg vil ha negative kon-sekvensar for hjortens bruk av nærområda. Utbygginga er ikkje forventa å ha nokon effekt for dei andre artane som utgreiinga har omfatta.
Oppdragsgiver SAE Vind DA.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no