Publikasjon

Tittel Fiskebiologiske undersøkingar i Toåa og Romåa hausten 2010
Undertittel
Forfattere Bremset, G. & Sæter , A.O.
År 2011
Kilde NINA Rapport 723: 24 pp. Norsk institutt for naturforskning.
ISBN, ISSN 978-82-426-2310-2
Referat

I 2010 vart det gjennomført ungfiskundersøkingar i øvre delar av Romåa og gytefisktellingar i hovudstrengen av Toåa. Gytefisktellinga hausten 2010 vart gjennomført på tilsvarande vis som hausten 2009. Ungfiskundersøkingane vart gjennomført i fire område i Romåa der det våren 2010 vart lagt ut augerogn frå laks. Det vart fanga sju laksyngel i løpet av om lag to timer med elektrisk fiske i fire rognplantingsområde i øvre delar av Romåa. Til samanlikning vart det fanga 174 aurar (storleik 33-170 mm) i dei same områda. Det vart funne ein laksyngel med rest av plommesekk i ein av dei seks utlagde rognboksane, og middels storleik på sju årsyngel fanga under elektrisk fiske var liten samanlikna med normal storleik i resten av vassdraget. Utlegginga av augerogn av laks våren 2010 synest å ha gitt eit relativt dårleg tilslag i form av laksyngel i øvre delar av Romåa. Det er uvisst om den tilsynelatande dårlege veksten og overlevinga skuldast spesielle tilhøve i vekstsesongen 2010, eller om det dårlege tilslaget er representativt for tilhøva i denne delen av vassdraget. I sentral gyteperiode for laks og sjøaure vart det i 2009 og 2010 gjennomført drivtelling av gytefisk i Toåa, i ei om lag sju kilometer lang strekning frå absolutt vandringshinder til flopåverka område. Hausten 2010 vart det registrert til saman 119 laksar og 209 sjøaurar i hovudstrengen av Toåa. Dette tilseier ein minimumstettleik på 17 laksar og 29 sjøaurar per kilometer elvestrekning. Mengda gytefisk av båe artar var større i 2010 enn i 2009, då det vart registrert 51 laksar og 180 sjøaurar (tilsvarar sju laksar og 25 sjøaurar per kilometer elvestrekning). Den største førekomsten av laks (41-55 % av registreringane i elva) vart begge år observert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen. Elveavsnittet ved Ramsøya er vurdert som det viktigaste gyteområdet for laks i Toåa. Gytemålet for laks i Toåa tilseier ei årleg deponering av 618 000 lakserogn. Estimat basert på gytefisktellingar tilseier at det truleg vart deponert i storleiksorden 120 000 - 240 000 lakserogn hausten 2009, og 420 000 - 840 000 lakserogn hausten 2010. Estimata indikerer at gytemålet ikkje vart nådd hausten 2009, mens gytemålet truleg vart nådd hausten 2010. Dei største førekomstane av gytemoden sjøaure vart registrert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen (93-102 individ) og i området mellom Skulebrua og flomålet (52-78 individ). Begge desse områda synest å vera svært viktige gyteområde for sjøaure i Toåa. Estimata tilseier at det vart deponert i storleiksorden 295 000 - 590 000 aurerogn hausten 2009, og 375 000 - 750 000 aurerogn hausten 2010. Estimata av rogndeponering hos sjøaure tyder på at mengda rogn haustane 2009 og 2010 har vore store nok til å sikra tilstrekkeleg rekruttering med årsyngel i vassdraget i 2010 og 2011. Basert på estimata av rogndeponering hos laks og sjøaure kan ein forventa at det var ein talmessig dominans av aure hos årsyngel i 2010, mens artsfordelinga hos årsyngel truleg vil verta relativt jamn i 2011.
Oppdragsgiver Trønder Energi Kraft AS.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no