Publikasjon

Tittel Villreinen i Nordfjella
Undertittel Status og leveområde
Forfattere Strand, O., Jordhøy, P., Mossing , A., Knudsen , P.A., Nesse , L., Skjerdal , H., Panzacchi, M., Andersen, R. & Gundersen, V.
År 2011
Kilde NINA Rapport 634: 71 s. + vedlegg. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2213-6
Referat

Nordfjella har tidlegare inngått i eit større leveområde for villrein som truleg strekte seg frå Jotunheimen i nord og over Hardangervidda til Setesdalsheiane i sør. I dei siste 150 åra har fragmentering av leveområda ført til at dette biletet har endra seg, og leveområda er i dag langt meir oppdelte og står fram som dels sjølvstendige einingar. Dei omfattande fangstanlegga på austsida av Hardangerjøkulen dokumenterer at det tidlegare har vore omfattande utveksling av rein mellom Nordfjella og Hardangervidda. Områdevise endringar i dyra sin arealbruk har vi også dokumentasjon på frå nyare tid, då villreinstammen på Hardangervidda brukte Nordfjella som vinterbeite. Også i seinare år har vi dokumentasjon på dynamisk områdebruk hjå desse villreinstammene, mellom anna har dyr frå dei nordlege delane av Nordfjella teke i bruk område sør for Rv 50 og i Hallingskarvet. Etter 2005 har vi også dokumentert at dyr frå Nordfjella har brukar område som administrativt ligg under Hardangervidda. Dette viser at reinstammene på Hardangervidda og i Nordfjella har funksjonsområde som i dag ligg utanfor dei administrative grensene for villreinområda. Dette reiser store utmaningar for både bestands- og arealforvaltinga. I høve til forvalting av areala er det særs viktig å sjå betydinga av dei noverande trekkorridorane både innan og mellom desse villreinområda. Dei regionale arealplanane må difor ta omsyn til at desse villreinstammene har funksjonsområde som ligg utanfor dei administrative grensene for villreinområdet. Fokusområdet ved Finse og Rv 7 på Hardangervidda er viktige i høve til dette, og utviklinga her er av stor betyding for i kva grad reinen skal ha tilgong til desse områda i framtida. I høve til framtidige klimaendringar vil truleg trongen for alternative beiteområde auke, og såleis blir slike trekkorridorar stadig viktigare. Reinen sitt skifte av årstidsbeite fører til relativt små lokale forflyttingar i Nordfjella, og den geografiske avstanden mellom årstidsbeita er relativt liten her i høve til det vi har sett i andre delar av Langfjella. Resultata frå Nordfjella syner at dyra over lengre tid har ein vekselbruk mellom ulike delar av villreinområdet. Data frå dei GPS-merka dyra viser at det i dag er betydelege barrierar som påverkar reinen sine moglegheiter til fritt å vandre mellom dei ulike delane av villreinområdet. Det same datasettet har også bekrefta at reinen brukar tunneltak over både veg og jernbane som trekk- og beiteområde. På same tid har vi også sett betydinga av at anna aktivitet kan verka uroande i slike område, både ved Finse/Rallarvegen og Geitryggen. Datasettet frå Nordfjella viser såleis både den avbøtande effekten ein oppnår med tunellar, men samstundes også utmaningane med å avgrense etableringa av annan infrastruktur og aktivitetar ved slike trekkpassasjar. Nordfjella er eit fragmentert villreinområde. Infrastruktur og den markerte topografien i området bidreg til at det er fleire tronge trekkorridorar som er av stor betyding for villreinen sin tilgong til viktige funksjons- og beiteområde. I rapporten finst ei detaljert skildring av fleire slike ”fokusområde”. Desse utgjer særskilte utmaningar for arealforvaltinga her. Døme på slike er Geitryggen, Finsetunellen, Gravdalsområdet, Kongshellerområdet, områda ved Viddalsdammen og dei austlege vinterbeiteområda. Fleire fokusområde står fram som tydeleg påverka av menneskeleg aktivitet og er såleis lite tilgjengelege trekkområde for reinen. Andre område, som Gravdalsområdet, er intakte men sårbare område, med viktige funksjonar for aust–vesttrekket i denne delen av Nordfjella. Dei austlege vinterbeiteområda blir lite nytta, trass i at dei er rike på beitelav. Tettleiken av hytter og uroing her er ei mogleg forklaring på dette. Vi manglar gode datasett som viser utbreiinga og bruken av merka skiløyper i dette området. Slike data bør skaffast, då dette vil vera eit viktig bidrag til auka kunnskap og betra forvalting av desse viktige beiteområda. På grunnlag av tilgjengelege data som omfattar lokal røynslekunnskap, kulturhistoriske data, oppsynsrapportar, beitekart og GPS-data frå radiomerka reinsdyr, har vi trekt opp ei ytre grense for reinen sitt biologiske leveområde i Nordfjella. Grensa er skildra konkret og visualisert på kommunevise kart. Det er eit overordna poeng at grensa mot Hardangervidda blir oppfatta som ei administrativ grense, då dei to villreinstammane her har overlappande og sams bruks- og funksjonsområde.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no