Nyheter

 

Fekk 8 millionar til å forske på laksegenetikk

Publisert: 19. desember 2017
Tekst: Anne Olga Syverhuset

NINA-forskar Geir Bolstad fekk heile åtte millionar i «førjulsgåve» frå Forskningsrådets program for fri prosjektstøtte til unge forskertalent. 

Fekk 8 millionar til å forske på laksegenetikk

– Det er veldig morosamt, og litt prestisjefullt, å få masse pengar til å forfølgje mine eigne idear. Eg har søkt tre gonger, så det er veldig moro å endeleg få det til, seier ein fornøgd Geir Bolstad.

Forskningsrådets program for fri prosjektstøtte (FRIPRO) er ein open konkurransearena for alle fag, der det ikkje blir lagt tematiske føringar. Underprogrammet «Unge forskertalenter» er for yngre forskarar som har vist at dei kan utføre forskning av høg vitenskapleg  kvaltiet. I følge Forskningsrådet er konkurransen i forskningsprogrammet hard, og det er kun dei beste forskarane med spesielt gode prosjekt som når opp. Geir Bolstad var ein av dei 36 unge forskarane som fekk tildelt forskningsmiddel i denne runda, og dei åtte millionane frå Forskningsrådet skal blant anna dekke ei postdoktorstilling i tillegg til Bolstad sitt arbeid. 

Ein av verdas lengste dataserier for laks

Laksen i elva Imsa har vore overvaka dagleg i over 40 år, og det er i tillegg teke vare på skjellprøver. Dette er ein av dei lengste og mest komplette tidsseriane som finst for nokon lakseart, og det er denne tidsserien Bolstad no skal forske på. Imsa-laksen har vist stor variasjon i alder og overleving over tid, og er derfor særs godt egna til å studere effekter av evolusjon på desse eigenskapane.

–  Ideen er å analysere skjellprøvene genetisk og koble den genetiske tidsserien med informasjonen om korleis populasjonen svinger med tida. Eg skal sjå på samanhengen mellom økologi og evolusjon, forklarer Bolstad.

Økologidelen av prosjektet handlar om variasjon i antal individ, og årsaka til denne variasjonen, medan evolusjonsbiten av prosjektet dreier seg om å undersøke endring av den genetiske samansetninga i populasjonen.

–  Vi har allereie kunnskap om nokre gen som vi forventar er viktig for formering og overleving hos laksen, fortel Bolstad.  

Blant anna fann han og kollegaer nyleg laksen sitt pubertetsgen, eit gen som speler ei heilt sentral rolle for om ein laks går opp i elva for å gyte som smålaks eller storlaks.

Bolstad skal no undersøke korleis ulike genvariantar påvirker antalet og samansetninga i populasjonen, og motsatt, korleis populasjonsdynamikken påverker frekvensen av ulike utgåver av same gen (allelfrekvensen).

Arbeidet vil vere forankra hjå Norsk institutt for Naturforskning, der også Bolstad sine kollegaer Nina Jonsson, Bror Jonsson, Kjetil Hindar og Sten Karlsson vil være involvert, men vil og være knytt til både Centre for Biodiversity Dynamics (CBD) ved NTNU, Centre for Integrative Genetics (CIGENE) ved NMBU og inkluderar samarbeid med irske, finske, nord-irske og islandske forskarar. 

Kontakt: Geir Bolstad

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: