Nyheter

 

Følgjer oterens vandring med viltkamera

Publisert: 4. juli 2016
Tekst: Camilla Næss

Etter 50 års fråvær er oteren nå på veg tilbake til Sørvestlandet. NINA følgjer utviklinga i oterbestanden, og vil ha di hjelp. Meld inn oterobservasjoner til oter@nina.no.

Følgjer oterens vandring med viltkamera
Oteren er tilbake etter 50 års fråvære. Foto © Arild Landa/NINA

Tidlegare var det oter langs heile kysten og i vassdrag og i vatn opp til 1000 meters høgd. Men oteren vart hardt jakta på grunn av offentleg skotpremiering og gode skinnprisar.

–Oteren vart freda i vestlandsfylka i 1976, men då var den i praksis allereie utrydda, fortel Arild Landa, seniorforskar i NINA.  

Kjem sørover

Ifølgje Landa begynte bestanden i Nord-Noreg å auke i 1970-åra og har seinare spreidd seg gradvis sørover. På slutten av 1990-talet var oteren attende i ein livskraftig bestand i Sogn og Fjordane, og seinare også i Nord-Hordaland. Ved Bergenskanten vart det derimot bråstopp. Den naturlege reetableringa stogga fordi mange av otrane som søkte sørover drukna i fiskereiskap – dei fleste i torsk- og åleruser.

Men i løpet av dei siste åra har oterbestanden gjort eit byks sørover, og det er rapportert om mange otrar som har drukna i torskeruser og garn heilt sør til Etne i Sunnhordaland. Dette nylege bykset sørover har truleg skjedd fordi det er gjort endringar i fiskeriet. Då ålen vart freda i 2010 gjekk mange leppefiskarar over til å bruke teiner i staden for ruser. Seinare har det òg blitt innført krav til tronge opningar som hindrar at oter kan koma inn, og det er no også krav til å montere kryss i opningane på leppefiskruser. Regelendringane er innført for å hindre bifangst av hummar og torsk, men òg oter. For seks år sidan vart det òg innført innkorting i perioden for rusefiske etter torsk (1. oktober – 30. april) og samstundes vart maks tal sett til 10 teiner/ruser pr. båt i hummarsesongen og maks 20 elles for fritidsfiskarar. Desse endringane er truleg årsaka til at oteren har klart å koma eit steg sørover.

Oter fortrenger mink

Oter og amerikansk mink har ingen lang felles utviklingshistorie i naturen. Den starta for omkring 80 år sidan, då dei første farmminkane rømde og etablerte seg i vill tilstand. I fråvære av oter har minken etablert seg i dei fleste delane av Europa. Som ein framand og suksessrik art har minken blitt en økologisk faktor som har hatt stor negativ verknad på opphavleg fauna. Mink reknast derfor som ein svartelisteart i kategorien svært høg risiko (SE). Ein reetablert oterbestand vil truleg bidra til å redusere talet på mink. Undersøkingar frå andre stader stør observasjonar av at oteren sin frammarsj gir ein tilsvarande tilbakegang i bestanden av mink. I tillegg til å få attende ein naturleg heimehøyrande art som oter, vil den derfor òg bidra til ein naturleg restaurering av kystskjergarden fordi ein kan forvente betring i hekkesuksess hos terner, småmåker og teist, som er særlig utsatt for minkpredasjon. Ved hjelp av viltkamera skal NINA følgje utviklinga i oterbestanden og samstundes sjå om det vert færre mink.

Oter fotografert med viltkamera
NINA føl oteren sin reetablering sørover langs vestlandskysten  med viltkamera. Samstundes vil forskarane sjå om det vert færre mink. Foto viltkamera/NINA. 

Store mørketal i tal otrar som vert fanga i ruser og garn

Dei siste tiåra er det årleg meldt inn 10-20 otrar som er funne drukna i ruser eller garn i Hordaland.  Dette er meldingar som i hovudsak er meldt inn til Statens naturoppsyn eller til Artsdatabanken via  www.artsobservasjoner.no. I området rundt Fjelbergøyane sør i Kvinnherad, samla eg til dømes inn tilfeldig informasjon om minst 11 otrar som har drukna i garn og ruser dei siste tre åra. Ingen av disse var meldt til forvaltinga. Dette tyder på at det vert fanga mange otrar som bifangst i fiskereiskap som ikkje vert meldt inn.

Meld inn observasjonar eller bifangst av oter

Det er ikkje ulovleg eller straffbart å fange oter som bifangst, men oteren er ein raudlisteart som har status som sårbar, og det er derfor krav til at slik bifangst skal meldast inn til viltmyndigheitene. I denne samanhengen er det viktig å få med informasjon som næraste stadnamn, dato, kva oter det er snakk om (unge, vaksen og kjønn), samt type fiskereiskap og ca. djupn oteren vart fanga på. Meld derfor inn observasjonar av oter anten dei er sett eller fanga som bifangst til www.artsobservasjoner.no eller send ein e-post til oter@nina.no.

Kontaktperson: Arild Landa

Oter drukna i fiskereiskap. Foto Terja Haugland/SNO

 

 

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: