Nyheter

 

Lemenår gav fjellrevboom

Publisert: 8. september 2011
Tekst: Bjørg Bruset

39 fjellrevkull og minst 270 kvalpar er kome til på landsbasis i år. Nesten halvparten av desse er fødd av revar som er sett ut i naturen frå avlsprogrammet for fjellrev.

Lemenår gav fjellrevboom
Fjellrev på Dovre. Foto Jan Ove Gjershaug
I sommar har fjellreven fått kvalpar i fleire fjellområde i Sør-Noreg. For ti år sidan var den sørnorske bestanden nesten heilt forsvunnen, mens den no utgjer bortimot halvparten av den totale norske bestanden. – Arbeidet som er gjort gjennom avlsprogrammet for fjellrev er unikt i norsk samanhang og blir nok også lagt merkje til internasjonalt. Forvaltningas langsiktige strategi for fjellreven er i ferd med å lukkast, seier miljøvernminister Erik Solheim.

I fjor nådde avlsprogrammet ein milepæl: for første gong fødde fjellrev som var sett ut frå avlsstasjonen på Sæterfjellet kvalpar i norsk natur, og det skjedde på Dovrefjell. I år er minst 118 kvalpar fødd av revar som er sett ut, og det utgjer mest halvparten av årets fjellrevkvalpar. Desse er fordelt på 14 kull – tolv i Dovrefjell, eitt på Finse og eitt i Sylane.

I tillegg har fjellrev frå Dovrefjell vandra til Helags i Sverige og fått kvalpar med svenske artsfrendar, mens individ sett ut i Junkeren har etablert seg i Vindelfjella på den andre sida av grensa. Også her er det registrert fleire kvalpekull der revar frå avlsprogrammet er foreldre.

Avlsstasjonen i Oppdal har vore i drift sidan 2005. Dyr frå fleire av dei små, isolerte fjellrevområda i Noreg og Sverige er fanga inn og plassert her. Drygt 200 kvalpar er fødd i stasjonen sidan oppstarten, og dei fleste av desse er sett ut i naturen – i Junkeren i Rana, på Dovrefjell, i Sylane og på Finse.

Fôrautomatane som er plassert der fjellrev vert sett ut blir flittig nytta når det er lite anna føde, men det er likevel ikkje slik at alle kvalpane lever opp. Når det er mykje lemen i fjellet aukar sjansen for god overleving, og dermed aukar også sjansen for at bestandane vert større. Håpet er at fjellrevane etter kvart skal bli mange nok til å klara seg sjølve, utan tilleggsfôring og tilføring av kvalpar frå avlsstasjonen.

Førebels oversyn over tal på fjellrevkull og kvalpar sommaren 2011: 

Fjellområde
Kommune
Tal kull
Tal kvalpar
Finse*
Ulvik
1
4
Snøhetta*
Dovre
1
12
Oppdal
9
80
Lesja
1
5
Knutshø*
Oppdal
1
5
Sylane*
Tydal
1
12
Børgefjell
Hattfjelldal
8
43
 
Røyrvik
3
7
Junkeren*
Rana
0
 
Rana aust
Rana
2
7
Saltfjellet
Saltdal
3
25
Indre Troms
Målselv
1
14
Reisa nord
Kautokeino
3
23
Ifjordfjellet
Tana
1
8
Varangerhalvøya
Vadsø
3
20
Båtsfjord
1
6
 
Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: