Nyheter

 

No er det atter fjellrev på Hardangervidda

Publisert: 4. juni 2012
Tekst: Camilla Næss

Ein ung fjellrev har vandra frå Jämtland i Sverige til Hardangervidda i Sør-Noreg. Der har han slått seg saman med ei tispe som vart satt ut på Finse i regi av Avlsprogrammet for fjellrev. Det er no stor spaning knytt til om dei får kvalpar.

No er det atter fjellrev på Hardangervidda
Denne karen har vandra frå Jämtland til Hardangervidda. Der har han slått seg saman med ei tispe frå Avlsprogrammet for fjellrev. Foto © Knut Nylend

Ein hannkvalp som vart født i Helags i Sverige på grensa til Sylane i Sør-Trøndelag i 2011 har vandra den meir enn 400 km lange vegen til Hardangervidda. Der har han slått seg saman med ei tispe som vart sett ut på Finse i regi av Avlsprogrammet for fjellrev i januar i år. Paret har etablert seg under ei hytte inne i Hardangervidda nasjonalpark. Det er stor spaning knytt til om dei får kvalpar allereie i år.

 

Omgår raudreven med spesialtilpassa fôringsstasjonar

Det er fleire tiår sidan sist det var fjellrev på Hardangervidda, og avlsprogrammet for fjellrev har saman med Statens naturoppsyn og fjelloppsynet på Hardangervidda etablert fôringsstasjonar i området i håp om at paret skal etablere seg i eit av dei mange gamle fjellrevhia i området. Eit hinder for det nyforelska paret er at det er mykje raudrev i området. Raudreven er den argaste konkurrenten til fjellreven. Den er nesten dobbelt så stor, fysisk overlegen og har same diett. I området har raudreven teke i bruk gamle fjellrevhi og kan såleis fortrengje fjellreven frå området. 

–Fôringsstasjonane som er etablert har ei utforming som gjer at dei berre vert nytta av fjellrev. Fjellrevane får såleis eit fortinn i høve til raudreven og vi håpar på at dei dermed skal kunne etablere seg å få kvalpar der. Hardangervidda var tidlegare eit av dei største fjellrev-områda i Noreg og det ville vera flott å få dei attende der, seier Arild Landa, prosjektleiar for avlsprogrammet i NINA.     

 


Avlsprogrammet for fjellrev, Statens naturoppsyn og Hardangervidda fjelloppsyn har etablert fôringsstasjonar i området der paret held til. Foto © Arild Landa/NINA 

 

Kvalpar på laupande band

Det er etablert ein avlsstasjon på Oppdal for avl av fjellrevkvalpar. Avlsdyra har opphav frå alle attverande førekomstar av fjellrev i Skandinavia. Føremålet er å setje ut kvalpane derifrå for å re-etablere fjellrev i områder der arten har døydd ut samt å styrkje fåtalige bestandar. Det er så langt produsert meir enn 200 kvalpar for utsetjing i stasjonen og utsette dyr og avkom frå desse gir nå eit vesentleg bidrag til den skandinaviske fjellrevbestanden. Prosjektet vert utført på oppdrag frå Direktoratet for naturforvalting.

 

Meir informasjon:  

NINA-kontakt: Arild Landa (tlf. 930 87 930)

 

 

 

 

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: