Nyheter

 

Produktiv dame – 4 kull på 5 år og 4 ulike hannar

Publisert: 2. august 2016
Tekst: Camilla Næss

Denne fjellrevtispa har bidratt med 18 kvalpar til Snøhettabestanden.

Produktiv dame – 4 kull på 5 år og 4 ulike hannar
Foto © Anne-Mathilde Thierry/NINA

Denne fjellrevtispa har bidratt med 18 kvalpar til Snøhettabestanden. Ho vart fødd i eit hi inntil Hjerkinn skytefelt i 2010, av foreldre som vart sett ut frå avlsstasjonen i Snøhettaområdet hausten 2009. Første kullet fekk ho allereie som eittåring i 2011 i eit nærliggande hi, der ho også fekk eit nytt kull i 2013. Året etter flytta ho heim til mor si, der ho fekk eit kull med tre kvalpar. Mora hadde heile 12 kvalpar i same hiet det året. Det siste kullet fekk ho no i sommar, men berre med éin kvalp. Dei tre første kulla fekk ho med ulike hannar. Faren til årets kull er enno ikkje identifisert, men truleg er han også ny. Årets kull til denne produktive dama var eitt av sju fjellrevkull i Snøhetta dette året.

Snøhettaområdet er eit referanseområde for forsking og utvikling av metodane i Avlsprogrammet for fjellrev. Her prøver me å halde best mogleg oversikt over dei ulike individa og deira suksess. Denne tispa vart merka med ein mikrochip som kvalp, samstundes som det vart tatt DNA-prøve. Ho er seinare registrert både på DNA via skitinnsamling i vintermånadane og på automatiske mikrochiplesarar som er montert i nokre av fôrautomatane som er utplassert i området. Mikrochipen er ein liten transpondar av same type som vert nytta til id-merking av kattar og hundar.

Hos fjellrev varierer tal ynglingar og kullstorleik mykje med svingingar i smågnagarane. I 2014, som var eit godt lemenår, var det heile 15 kull med til saman 104 kvalpar i Snøhettaområdet. I fjor var det berre eitt kull med fire kvalpar og denne sommaren er det sju kull med til saman 24 kvalpar. Årets ynglingar er eit godt resultat, sidan det mest ikkje er smågnagarar i området. Truleg har mat frå fôrautomatane i området vore eit vesentleg bidrag til at det vart såpass med ynglingar. Fjellreven døydde ut i Snøhettaområdet på 1990-talet. Utsetjingar frå Avlsstasjonen for fjellrev starta i 2007 og kunne avsluttast etter berre 5 år med utsetjingar. Snøhettaområdet har i dag den største fjellrevbestanden i Noreg.

Kontakt: Arild Landa

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: