Nyheter

 

Vellukka utsetjing av fjellrev på Finse

Publisert: 1. februar 2013
Tekst: Camilla Næss

Velvaksne fjellrevkvalpar frå avlsstasjonen på Sæterfjellet sett ut på to stader i Hallingskarvvet nasjonalpark nordaust for Finse.

Vellukka utsetjing av fjellrev på Finse
I januar vart 14 fjellrevkvalpar frå avlsstasjonen på Sæterfjellet sett ut på to stader i Hallingskarvvet nasjonalpark nordaust for Finse.Foto © Petter Braaten/SNO

I januar vart 14 velvaksne fjellrevkvalpar sett ut i Finse. Dei vart henta med helikopter på avlsstasjonen på Sæterfjellet i Oppdal og sett ut på to stader i Hallingskarvet nasjonalpark nordaust for Finse. Der hadde Statens naturoppsyn (SNO) førebudd kunstige hi og fôrautomatar av same type som kvalpane er vane med frå avlsstasjonen. 



Fjellrevkvalpane vart henta med helikopter og sett ut i Hallingskarvet nasjonalpark. Foto © Petter Braaten/SNO 


Opphavleg vill fjellrev var utdøydd i Finseområdet, og eit fåtal revar med farmrevopphav vart teke ut av området før utsetjingane frå avlsprogrammet starta i 2009.

–Til saman er nå 72 kvalpar frå avlsstasjonen sett ut i Finse-området, fortel Arild Landa, prosjektleiar for avlsprogrammet i NINA. I rekordåret 2011 vart den første ynglinga av utsette dyr registrert, medan det ikkje vart registrert yngling i 2012. Då var det lite smågnagarar og det vart berre registrert eit kull av fjellrev i heile Skandinavia. Denne var rett ved avlsstasjonen for fjellrev på Oppdal.

I 2012 vart det fødd 33 kvalpar ved avlsstasjonen, men det var ein avgang på 12, truleg som fylgje av våt og kald forsommar. Det er altså 14 av dei 21 attlevande kvalpane som no har fått fridomen i Hallingskarvet nasjonalpark, medan resten skal nyttast som avlsdyr i stasjonen.  



Fjellrevkvalp i sitt naturlige element. Foto ©Petter Braaten/SNO 

Avlsprogrammet for fjellrev vert drive av Norsk institutt for naturforsking på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning. SNO og lokale fjellstyrer utfører store deler av det praktiske arbeidet med tilrettelegging, fôring og oppfølging av utsette dyr. Årets utsetjing i Finse-området vart dekka av svensk TV som laga eit innslag til «Vetenskapens Värld», og som etter planen skal sendast på SVT i februar.

 

Kontaktperson: Arild Landa

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: