Publikasjon

Tittel Utgreiingar i samband med ny rovviltmelding. Beiting, biologisk mangfald og rovviltforvalting.
Undertittel
Forfattere Bruteig, I.E., Austrheim , G. & Norderhaug , A.
År 2003
Kilde NINA Fagrapport 71: 65pp.
ISBN, ISSN 82-426-1370-2 0805-469X
Referat

Store delar av det biologiske mangfaldet i Noreg er knytt til jordbrukets kulturlandskap, - landskap og naturtypar som menneskeleg aktivitet har vore med på å forme gjennom fleire tusen år. Desse kulturbetinga vegetasjonstypane og mange av plante- og dyreartane knytt til dei er i dag trua av landskapsendringar, i første rekkje attgroing. Samfunnsendringar og økonomiske tilhøve har gjort at mykje av den tradisjonelle bruken har opphøyrt, og det som står att i dag er hovudsakleg beitebruk (i første rekkje med sau og tamrein), noko vedhogst og litt seterdrift. Beitebruken endra seg også i takt med at rovdyra vart så godt som utrydda frå norsk natur framover mot midt på 1900-talet. Det vart mellom anna slutt på gjetinga. No når rovdyrbestandane veks att, oppstår nye konfliktar mellom rovdyr og beitebruk i ein del område. I denne utgreiinga prøver vi å sjå om rovviltforvaltinga kan vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet knytt til beitebruk. Dette gjer vi ved å oppsummere kunnskap om utmarksbruken i Noreg (kapittel 2) og om korleis beite av husdyr og hjortedyr påverkar plantemangfald i skog og fjell (kapittel 3), og ut frå dette prøver vi å finne dei økologiske konsekvensane av ein eventuell endra utmarksbruk som følgje av ulike forvaltingsstrategiar for rovvilt (kapittel 4). Utmarksbruken i Noreg har gjennom tidene vore mangfaldig og omfattande. Vi har lite areal som høver som dyrka mark, men dei store utmarksareala har gitt gode høve for beite og fôrsanking. I det førindustrielle jordbruket gav dyra gjødsel til matproduksjon på åkeren. Dette kravde eit mangedobbelt areal av slåtte- og beitemark, og utmarka var såleis grunnlaget for jordbruket. Regional variasjon i klima og naturgrunnlag for jordbruket gav ulik utmarksbruk i ulike delar av landet. Seterbruket har lang tradisjon, og skogsbeite har truleg også vore vanleg heilt sidan jordbruket vart introdusert. Langs kysten der det er så mildt at husdyra kan gå ute heile vinteren utvikla det seg opne kystlyngheier. Fôrhaustinga i utmarka (beite, seterslått, utslått, myrslått, sivslått, lauving, måssåsanking m.m.) sette spor i vegetasjonen på ulik måte, slik at det oppstod eit mangfald av ulike såkalla semi-naturlege vegetasjonstypar og kulturlandskap. Slått og beite skaper engvegetasjon som kan vere svært artsrik, særleg om den har lang kontinuitet og ikkje er gjødsla. Landskapet er dynamisk og har variert både geografisk og i tid med endringar i folketal, jordbruks- og samfunnsutvikling. Likevel var det ein kontinuitet i reiskapsbruk og driftsmåtar heilt frå jernalderen fram til dei store jordbruksendringane mot slutten av 1800-talet. Men i det moderne jordbruket med kunstgjødsel vart det ikkje lenger behov for den omfattande fôrhaustinga i utmarka, og både mat- og fôrproduksjon vart konsentrert til innmarka. Utviklinga i primærnæringane særleg etter 1950 har ført til store landskapsendringar og attgroing, og ei rekkje vegetasjonstyper og artar er no trua. Artsinnhaldet i semi-naturlege vegetasjonstypar blir endra når bruken blir endra eller opphøyrer. Registrering av verdifulle kulturlandskap og av biologisk mangfald i seinare tid har gitt ei viss oversikt over dette, men det trengst både meir kunnskap, betre arealinformasjon og overvaking for å kunne ta vare på dette mangfaldet. Beite er en “naturleg” prosess i norsk natur. Vegetasjonen i fjell og skog er tilpassa beite, og for å bevare planter som har utvikla seg saman med beitedyr må beite halde fram. Det er generelt få studiar av beiteeffektar, og dei fleste er gjort over kort tid og diversitet er målt på liten skala. Generelt har beita vegetasjon høgare artsdiversitet enn ubeita vegetasjon på liten skala. Unntaket er svært lågproduktive områder. Ein kombinasjon av beita og ubeita vegetasjonsflekkar gir truleg høgast artsdiversitet på landskapskala. Dette betyr at beite også vil auke diversiteten på landskapskala, men i landskap med liten miljøvariasjon kan eit høgt beitetrykk homogenisere vegetasjonen og redusere artsdiversiteten i landskapet. Vi manglar likevel kunnskap om kva tettleik av beitedyr som gir høgast plantediversitet på lokal og regional skala, og som kan bevare bestandar av trua og sårbare artar og vegetasjonstypar innan ulike regionar i fjell og skog. Sentrale miljøfaktorar som klima, produktivitet, pH i jord og den historiske bruken av utmarka er avgjerande for kva effekt beite har på diversitet. Kunnskap om plantene sine evner til å motstå eller tolerere beiting og dyra sin seleksjon av planter er og viktige for å forstå korleis beite påverkar diversitet. Sau er i dag det viktigaste beitedyret i utmark sommartid, men eit moderat sauebeite er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg for å hindre attgroing over lengre tid i produktive områder. Dei fire hjortedyra (rein, hjort, elg og rådyr) har auka i mengde dei siste tiåra og vil truleg bidra til å halde skogen tilbake, men vi manglar viktig kunnskap om korleis sambeite av ulike beitedyr (både husdyr og hjortedyr) med ulike planteval vil påverke vegetasjonen. Sjølv om beite motverkar attgroing og bidrar til å bevare artsrike semi-naturlege grasmarker, er desse vegetasjonstypane på sterk tilbakegang, og mange av grasmarksartane får mindre og meir isolerte bestandar. Vi treng integrerte studiar frå landskap- til populasjonsnivå for å få kunnskap om kritiske arealnivå for bevaring av desse artene. Vi manglar og kunnskap om korleis beite påverkar viktige økosystemprosessar som primærproduksjon, næringsomsetning og forstyrring, som indirekte påverkar plantene og kan ha stor innverknad på diversiteten over tid. Det kulturbetinga biologiske mangfaldet har vorte utvikla over lang tid og parallelt med at vi hadde store populasjonar av rovdyr. Gjeting vart etter kvart kostnadskrevjande, og småfehaldet gjekk sterkt tilbake på slutten av 1800-talet. Då rovdyra nærast var utrydda på 1900-talet, vart det muleg å leggje om drifta til eit ekstensivt utmarksbeite med lite tilsyn. Vi fekk ein ny vekst i talet på sau og ein vesentleg vekst av rein, medan talet på storfe og geit på beite gjekk ned. Sterkt redusert utmarksbruk har ført til omfattande attgroing av kulturlandskapet, og beitebruken i utmark er i dag den faktoren som bidrar mest til å oppretthalde det som er att av det kulturbetinga biologiske mangfaldet. Då rovdyrbestandane auka att på 1980- og 1990-talet, kom konfliktane med utmarksnæringa for fullt og Noreg fekk det høgaste tapet av bufe og tamrein per rovdyr i Europa. Slike høge tap er ikkje akseptable, og det er skissert ei rekkje tiltak for å minke konfliktane, hovudsakleg i høve til sauehald. Vi har vurdert dei økologiske konsekvensane for det biologiske mangfaldet i beiteområda dersom utviklinga held fram som no, eller dersom beitebruken og/eller rovdyrforvaltninga blir endra. Hovudkonklusjonane våre er: ?* Opphøyr av beite fremjar attgroing. Dersom førekomsten av rovdyr fører til at sauebeite opphøyrer i eit område utan å bli erstatta av andre beitedyr eller anna skjøtsel, vil attgroinga i området akselerere og grasmarkvegetasjon og artar knytt til den vil bli meir sjeldne eller forsvinne frå området. * Kortare beitesesong vil gje raskare attgroing. For å hindre attgroing er det spesielt viktig at beitinga startar tidleg, då sauen helst beitar planter som er i ein tidleg vekstfase. * Beitedyrsendringar vil gje vegetasjonsendringar. Dersom resultatet av beitedyrsendringa er at det blir beita på eit mindre areal enn det sauen har beita, vil attgroingsarealet auke. I ein del område kan det vere positivt for mangfaldet at sauebeitet blir erstatta med til dømes beite av storfe eller sambeite mellom fleire beitedyr. Dette gjeld særleg i område som har ein beitehistorikk som omfattar storfebeite og sambeite mellom ulike husdyr. Vi har lite kunnskap om dei økologiske effektane av sambeite mellom husdyr og store hjortedyr. * Større kanalisering av beitedyra kan i ein del tilfelle verke positivt på det biologiske mangfaldet, i andre tilfelle negativt. Flytting eller gjeting av beitedyr for å minke rovdyrkonfliktar kan vere gunstig dersom dyra blir styrt frå område som ein ønskjer å skjerme for beiting til område som toler eller har ”behov” for høgare beitetrykk. Men sterkare kanalisering vil ofte føre til at beitedyra beitar på mindre areal, noko som gir større attgroingsareal der beitedyra går ut, mindre attgroing der dei blir konsentrert. Dersom dyra får tilleggsfôr kan det vere fare for næringsakkumulasjon og redusert mangfald i vegetasjonen i beiteområdet. * Beiting på gjødsla og dyrka mark fremjar i liten grad det biologiske mangfaldet. Gjødsla og dyrka mark er dominert av få artar med høg produktivitet, og trua eller sårbare kulturlandskapsartar er sjeldan representert. Beitedyr vil ikkje bidra til å auke mangfaldet på slik mark i særleg grad. * Spesielt verdifulle område og trua artar og habitat krev spesiell forvalting. Det er vanskelegare å gjenskape enn å oppretthalde vegetasjonstypar med spesielt tilpassa artar, og det kan vere vanskeleg eller uråd å få tilbake det opprinnelege mangfaldet i grasmark og heilandskap som er attgrodd eller gjødsla og oppdyrka. * Bevaring av eit høgt plantemangfald treng ikkje nødvendigvis å sikre førekomsten av trua og sjeldne planter i alle habitat. Plantene er også berre éin del av det mangfaldet som blir påverka av beite, og bevaring av planter treng ikkje automatisk føre til bevaring av diversiteten av andre organismar. For mange artar og artsgrupper er effekten av beiting lite kjend. Vi manglar også kunnskap om kva dyretettleik og kva samansetjing av beitedyr som best tar vare på det biologiske mangfaldet i ulike vegetasjonstypar. * Bevaring av biologisk mangfald krev heilskapsvurderingar. I følgje internasjonale avtalar og nasjonale mål skal vi ta vare på det biologiske mangfaldet på alle nivå. Artar som krev særskild vern omfattar alle artsgrupper, og omsynet til rovdyr vil kunne kome i konflikt med andre artar eller naturtypar som vi også er forplikta til å ta vare på. Landskapsendringane i Noreg i dag er omfattande, både i område med og utan rovdyr, og trusselfaktorane for kulturbetinga biologisk mangfald er mange. Vi har også avgrensa kunnskap om kva effektar dagens beitebruk har på mangfaldet i ulike naturtypar, sett i høve til tidlegare utmarksbruk. Problemstillinga er såleis svært samansett, og det er vanskeleg å sjå éin faktor uavhengig av dei andre. Truleg vil den landbrukspolitiske og økonomiske utviklinga generelt vere avgjerande for bøndene sin bruk av utmarka også framover. Vi konkluderer likevel med at forvaltinga av rovdyr kan få konsekvensar for det øvrige biologiske mangfaldet dersom den fører til endra utmarksbruk, og at det derfor er nødvendig med ei heilskapsvurdering ved val av forvaltingsstrategiar. Til dette trengst mellom anna kartfesta informasjon på lokalt/regionalt nivå om naturtypar og kulturbetinga artar av spesiell verdi.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no