Nyheter

 

Fjellrevar frå avlsprogrammet i NINA leverar varene

Published on: 24. October 2014
Author: Anne Olga Syverhuset

I sommar vart det fødd minst 290 fjellrevar i Noreg. Nært 200 av desse hadde opphav i utsette revar frå avlsprogrammet.

Fjellrevar frå avlsprogrammet i NINA leverar varene
Foto: Erlend Haarberg

Det er registrert 44 fjellrevkull i Noreg i sommar, dei fleste i Sør-Noreg.

-    Minst 23 av kulla er med opphav i utsette revar frå Avlsprogrammet, fortel forskar Arild Landa. Han er seniorforskar i Norsk institutt for naturforsking (NINA), og leiar for avlsprogrammet.

For ti år sidan var den sørnorske bestanden nesten utdøydd, mens den nå er klart større enn den nordnorske bestanden.

-    Miljøforvaltninga si satsing på avlsprogrammet byrgjar nå å gi synlege resultat og strategien for å redde fjellreven er i ferd med å lukkast, seier Landa.
 

Rekordsommar

Det vart sett ny rekord i tal kvalpar fleire stader denne sommaren. I Dovrefjell var det 16 kull med til saman 132 kvalpar. I Finse-området var det minst fem kull med nært 50 kvalpar. I tillegg var det to ynglingar i Saltfjellet og Junkern med opphav i utsette dyr.

-    Fjellreven i Dovrefjell har på få år gått frå å ha status som utdøydd til å bli den største bestanden i Noreg, fortel Landa.

(saka fortset etter biletet)

Foto: Fjellrevvalper

Foto: Erlend Haarberg

Det norske avlsprogrammet for fjellrev er unikt i internasjonal samanheng. Avlsstasjonen som er bygd på Sæterfjellet i Oppdal har vore i drift sidan 2005, og til saman er det nytta 46 avlsrevar.  22 av disse, dei fleste i startfasen, vart henta inn frå dei attverande små restbestandane i Noreg og Sverige. I dei seinare åra er det i hovudsak rekruttert avlsdyr frå eigen produksjon.

Hittil er 250 kvalpar sett ut i Dovrefjell, Finse, Sylane Junkern i Rana.  Overlevinga det første året har variert  mellom 15 og 70%.


Lemen er viktig

-    Fôrautomatane som er plassert der fjellrev vert sett ut blir flittig brukt når det er lite anna føde, men ein viktig årsak til suksessen er at det igjen har vore gode toppår med lemen i utsetjingsområda, forklarer Landa.

Både i Dovrefjell og Finse var det i sommar eit godt lemenår. I Finse må ein attende til 1994 for å finna tilsvarande lementopp. Både i Dovrefjell og Finse var det rekord med omsyn til tal kvalpar i  sommar.


Vona er at fjellreven med hjelp frå avlsprogrammet etter kvart skal bli mange nok til å klara seg utan tilleggsfôring. Oppgåvene til avlsprogrammet er mellom anna å forske på effektive metodar for avl og utsetjing, men òg kva som skjer når ein stoppar tilleggsfôringa.

Det er sidan 2010 fødd minst 550 kvalpar i det fri med opphav frå utsette revar. I tillegg kjem eit ukjent tal ynglingar som ikkje har blitt registrert både i Noreg og Sverige.

-    Dei gode resultata  gir god grunn til optimisme for den sterkt utrydningstruga arten, seier Landa.

Kontaktperson: Arild Landa

 

Print
Søk etter nyheter

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: