News

NINA news

Nye fjellrevar til Hardangervidda

Published on: 7. February 2017
Author: Camilla Næss

Avlsprogrammet sette nyleg ut 18 fjellrevar på Hardangervidda. Med desse er til saman 87 fjellrevar sett ut på Vidda i løpet av dei siste fire åra.

Nye fjellrevar til Hardangervidda
Til saman 87 fjellrevar er sett ut på Vidda i regi av avlsprogrammet i løpet av dei siste fire åra. Foto Arild Landa/NINA.

Sidan oppstarten er det registrert tre ynglingar frå utsette fjellrevar, to i 2015 og ein i 2016.

–Me har enda ikkje hatt det store gjennombrotet på Hardangervidda når ein samanliknar med andre utsetjingsområde som Dovrefjell og Finse der reetableringa gjekk veldig raskt. Dette har truleg samanheng med mangelen på toppår for lemen og at det er mykje raudrev på vidda, seier prosjektleiar Arild Landa.   

Raudreven utgjer  ein viktig konkurrent og trugsel for fjellreven, og dei to artane kan ikkje leve i samme område. Fordi Hardangervidda er eit populært utfartsområde er søppel og matrestar frå hytter og fotturistar truleg ein viktig faktor til at raudreven kan leva der.

Avlsprogrammet er nå halvvegs i dei åtte åra  det er planlagt å setje ut fjellrevkvalpar i området.

–Det er venta at 2017 kan bli eit godt lemeår og såleis gir dette grunnlag for at det til sommaren kan bli mange fjellrevynglingar på Hardangervidda. Me har framleis god tru på at me skal klare å få fjellreven attende til området, seier ein optimistisk Landa.  

Kontakt: Arild Landa

Meir om avlsprogrammet for fjellrev. 

Utsetting av fjellrev på Hardangervidda.
Foto Arild Landa/NINA. 

Print
Search for articles

Norwegian Institute for Nature Research

NINA is an independent foundation for nature research and research on the interaction between human society, natural resources and biodiversity.
Follow us on: