News

NINA news

Sjekk villaksen sin ville tur i havet

Published on: 26. May 2020
Author: Anne Olga Syverhuset

I fjor vår sette havforskarane satellittmerke på villaksar i Sør-Norge. No har dei ringt heim.

Sjekk villaksen sin ville tur i havet

Av Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Forskarar frå UiT, NINA og Havforskingsinstituttet merkte i fjor 16 villaksar i Etneelva i Sunnhordland. Dette var såkalla vinterstøingar. Det vil seie at dei har gytt om hausten, levd på sparebluss i elva om vinteren før dei set kursen til havs for å ete seg feite.

HI-tekniker Sofie Knutar slipper ut laks i Etne. Foto: Audun Rikardsen.

– Frå tidlegare forsøk veit vi at fisk merkt i Nord-Norge gjer vandringar langt nord i Atlanterhavet, til arktiske farvatn. No ville vi samanlikne med laks frå elver i Sør-Norge, seier UiT-forskar Audun Rikardsen.

«Søring» er dårleg namn

Og ganske sikkert, «søringane» var ikkje mindre vandringsvillige. Søring viste seg også å vere eit upassande kallenamn. Sjå animasjonen med resultat frå åtte av laksane:

Merka som er spora her, er dei åtte som hang på laksane i meir enn 30 dagar. Dei andre løyste seg ut for tidleg til å gi tilstrekkeleg med data. (Ill: John Strøm / UiT)

Laksen som svømte lengst nord har svømt imponerande 1698 kilometer på 140 dagar. Laksen som dykka djupast ved heilt nede på heile 570 meters djup.

Laksane startar utvandringa frå Vestlandet i mai og set kursen nordvest forbi Shetland. I starten av juli nærmar nokre av dei seg Island før dei fortset nordover. 

På seinsommaren har tre fiskar framleis merkene sine, og vi kan sjå at dei held seg litt att og fram i havet mellom Grønland, Island og Jan Mayen.

Reiserutene er berekna på bakgrunn av trykk, temperatur og lys. Sjå faktaboks om pop-up-merkene.

Får heilt ny kunnskap

– Merka er kostbare, derfor har vi berre merkt ei handfull fisk. Men kunnskapen vi får igjen er utruleg verdifull. Vi veit mykje om laksen sitt liv i elva, men lite om kva den opplever i det store havet, seier havforskar Vidar Wennevik.

Det overordna spørsmålet er kva som påverkar overlevinga til laksen i havet. Kva rovdyr blir den utsett for, og kva beiter den på? Det vil forskarane finne ut av for å sette myndigheitene i stand til å forvalte laksen best mogleg.

– For å svare på dette, må vi først vite kor i verda laksen held seg. Vi har også merkt 16 laks i Nidelva i Arendal, og ventar tilsvarande kart for desse, seier Eva B. Thorstad, forskar ved Norsk institutt for naturforsking og prosjektleiar for Atlantic salmon at sea – SeaSalar.

SeaSalar er eit samarbeid mellom NINA, HI og UiT, med ei innslag frå ei rekke andre institusjonar.

Fakta om pop-up-merke

  • GPS fungerer ikkje under vatn, derfor må forskarane bruke pop-up-merkene.
  • Fungerer som ein ferdsskrivar.
  • Loggar data om lys, trykk, klokkeslett og temperatur.
  • Løsnar etter ei gitt tid eller viss fisken ligg heilt i ro over ein periode. 
  • I overflata sender den informasjon heim via satellitt.
  • Eit komplisert reknestykke gir den mest sannsynlege reiseruta.

 

 

Fakta om villaks

  • Norske elver er gyte- og oppvekstområde for mesteparten av den atlantiske villaksen.
  • Om lag 500.000 laks kjem tilbake til Norskekysten for å gyte i elvane kvart år.
  • Laksen klekker i elva og lever der til den er 10-15 cm.
  • Då blir den til smolt som trekker ut mot havet for å ete seg feit.
  • Ein del laks blir kjønnsmoden etter eitt år, og vender tilbake til opphavselva for å gyte.
  • Andre blir i havet to eller fleire år før dei returnerer.
  • Ein del av laksen døyr etter gytinga, men nokre av dei klarer seg, og kan gyte fleire gonger.

 

Print
Search for articles

Norwegian Institute for Nature Research

NINA is an independent foundation for nature research and research on the interaction between human society, natural resources and biodiversity.
Follow us on: