Publikasjon

Tittel Villreinen i Ottadalsområdet
Undertittel
Forfattere Bevanger, K., Hanssen, F. & Jordhøy, P.
År 2007
Kilde NINA Rapport 227: 95 pp.
ISBN, ISSN 978-82-426-1787-3
Referat

fylke og 10 kommunar. Den nordlegaste delen vart i stor grad verna då Reinheimen nasjonalpark og seks omkringliggjande landskapsvernområde vart skipa i 2006. Høvesvis 1899,25 og 400,58 km2 av nasjonalparken og landskapsvernområda ligg innan grensa for ”teljande areal” av Ottadalen villreinområde. Attåt dette kjem Brettingen naturreservat på 5,75 km2. Stortinget har gjennom handsaming av St. meld. nr 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, slutta seg til at at det skal utarbeidast framlegg til verneplan for området Breheimen-Mørkridsdalen. Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å fylgje opp Nasjonalparkmeldinga ved å utarbeide framlegg til verneplan. Områda i sør ligg for det meste innan utgreiingsområde til Breheimen-Mørkridsdalen, og i alt ligg 1410,6 km2 av utgreiingsområdet innafor teljande areal. Grensa for det som her er kalla teljande areal er ytste grense for valda slik desse er meldt inn frå villreinutvalet til Direktoratet for naturforvaltning, og slik grensa ligg i villreinklienten. Dette arealet er av NINA berekna til å vera omlag 5228,6 km2. Villrein er ein art Noreg har særskilt ansvar for, og Ottadalsområdet er peika på som eit av dei nasjonale villreinområda i prosjektet ”Villrein og samfunn”. Grunna den store utstrekninga aust-vest og nord-sør, er topografi og miljøtilhøve i Ottadalsområdet vekslande. Reinheimen femner eit stort mangfald av landskap, naturtypar og biologiske særmerke, og saman med eit verneområde i Breheimen-Mørkridsdalen vil desse områda taka vare på ein særs stor variasjonsrikdom. Desse fjellområda var for omlag 150 år sidan del av eit stort sørnorsk system der reinen i liten grad var hemma i sine rørsler av inngrep frå menneske. Dyra kunne fritt ferdast i fjella mellom Sognefjorden, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdalen. Sørover kunne dei nå Hardangervidda, og austover Jotunheimen og fjella i Valdres. Både eldre og nyare granskingar har stadfesta at dette område har vore nytta av veidefolk i særs lang tid ettersom det huser ei mengd kulturminne knytt til den gamle villreinfangsten, og store areal innan nordområdet, saman med to andre område i Nord-Gudbrandsdalen, gjer det difor til kandidat for verdsarvlista til UNESCO. Grunna kombinasjonen naturlege, topografiske deleliner og barrierar gjennom veg og anna inngrep og uroing, er området i praksis delt i to – Ottadalen Nord og Ottadalen Sør. Villreinområdet er for tida delt i 26 jaktvald. I 2006 var fellingskvota sett til 1006 dyr, og det vart i alt felt 669 rein, dvs. ein fellingsprosent på 66,5. Av desse vart 511 felt i nord og 158 i sør. I åra 2000-2007 har det i snitt kvart år vore felt høvesvis 784 og 170 dyr i nord- og sørområdet. Måla for stammestorleiken som villreinutvalet har lagt opp til, ligg på omlag 2000 vinterdyr i nordområdet og 700 i sørområdet (delt likt på den austlege og vestlege delen). I høve til den demografiske samansettinga er målet omlag 20 % kalv, 45 % simle, 10 % ungbukk og 20-25 % gamalbukk. Det er stor interesse frå lokalt hald (mellom anna i kommunane Luster, Rauma og Norddal) for å bygge oppatt stamma lengst sør og vest i Ottadalsområdet. Spørsmål omkring kvifor reinen har slutta å nytte nokre av områda, korleis ein kan få han attende og kvifor dette er viktig, er drøfta. For å kunne seie noko om i kva grad det er mogeleg å få att ein større reinstamme i Ottadalsområdet, er det naudsynt både med meir kunnskap om beitegrunnlaget og korleis og kvar utvekslinga av dyr mellom dei einskilde delområda finn stad. Etter som det no er over 20 år sidan det vart gjort noko systematisk beitegransking her, er det naudsynt med innhenting av nye data for å ha ein trygg grunn å stå på når storleiken til stamma skal haldast opp mot ressursgrunnlaget. Det er nokså sterke indikasjonar på at kondisjonen hjå reinen i Ottadalsområdet har gått ned. Opp gjennom åra er det samla ei mengd data, både frå villreinutvalet og jegerane, men desse er så langt lagt ikkje inn i nokon sams database. Ei systematisering og kvalitetssikring vil difor vera naudsynt om det skal takast tak i dei for ein meir djuptgripande analyse. Metodane som har vore nytta under innsamlinga er stort sett godt utprøvde og standardiserte, men for å kunne gjera haldbare, statistiske berekningar trengs eit minimum av materiale. Storleiken på materialet for nokre av åra kan væra i minste laget. Det vil vera ei monaleg stor oppgåve å gjera dette slik at ein t.d. kan sjå på nyansar ikring dei einskilde delstammane. Tida skulle likevel vera den rette til ein slik gjennomgang no når så store delar av området er verna eller er i ferd med å verta verna, slik at bilete av kva som trengs av framtidig kunnskap og overvaking vert klårare. Ettersom Ottadalsområdet ikkje er ein del av det nasjonale overvakingsprogrammet for villrein, har det vore opp til villreinutvalet å hente inn data andsynes utvikling i stammestorleik og andre tilhøve naudsynt for ei bærekraftig handsaming av stamma. Dette er eit stort arbeid og det vil no, etter at Reinheimen nasjonalpark vart skipa og utgreiingsarbeidet for Breheimen-Mørkridsdalen er starta opp, vera naturleg å ta opp til ny vurdering om ikkje Ottadalen og skal inn på overvakingsprogrammet. Ottadalsområdet er etter måten lite påverka av fysiske inngrep, men uroing frå ålment auka ferdsel kan verta eit trugsmål ser ein framover i tid. Granskingar av menneskeleg aktivitet og tekniske inngrep i høve til rein har alt i alt synt at dyra har eit bredt spekter av reaksjonar andsynes desse, og at dei mellom anna helst held seg unna område med moderat til høg uroing. Område utan uroing vert difor meir nytta, og får auka lokalt beitetrykk. Det beste verktyet så langt for å sjå på konsekvensar av uroingselement eller inngrep, er halsband med radiosendarar som har GPS eining. Slike data er og naudsynte for å få ei god forståing for korleis reinen nyttar heile området, og dei ulike delområda, i tid og rom. Slike data vil over tid kunne gjeva indikasjonar på moglege ”problemområde” – dvs. område der bruken av eit areal sett ut frå ein menneskeleg synsstad ikkje samsvarar med det reinen treng. Skal ein kunne ta tak i desse problema/areala på ein konstruktiv måte er det naudsynt med monaleg detaljert kunnskap. Data frå radiomerka rein vil og kunne seie noko om i kva grad det er mogeleg å få attende dyr til dei områda dyra i dag stort sett held seg vekke frå, t.d. når og kvar utvekslinga av dyr mellom dei einskilde delområda finn stad. Ein viktig del av denne statusrapporten er det vedlagte kartet. Det er ei oppdatering og utviding av det som i 1998 vart laga av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kartet inneheld mellom anna opplysningar om kor dyra går når dei dreg mellom ulike funksjonsområde. Areala er merka i høve til om dei er nytta som vinterbeite, heilårsbeite, sommarbeite eller kalvingsområde. Alle georefererte minnesmerke frå den gamle reinfangsten som NINA så langt har samla er og lagt inn. Konfliktnumra frå 1998-kartet er framleis med og har referanse til vedlegg 2 i rapporten. Dei ytste grensene for valda, slik desse er meldt inn frå villreinutvalet til Direktoratet for naturforvaltning og ligg i villreinklienten, er og lagt inn (”teljande areal”). Det ville vore nyttig og fått teikna inn grensene for heile leveområdet, dvs. og dei områda dyra nyttar utanfor grensa for teljande areal. Dette handlar mellom anna om område som bukkane nyttar som vårbeite, t.d. lågtliggjande dalstrok. Det er vel kjend at det ein kan kalla for ”kritiske” habitat eller ressursar kan vera berre ein brøkdel av det totale arealet reinen har tilgong til.
Oppdragsgiver Fylkesmannen i Oppland.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no