Publikasjon

Tittel Overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C. Skjema og instruksar. Vedlegg til NINA Rapport 188
Undertittel Versjon 1- mars 2007
Forfattere Vistad, O.I., Eide, N.E., Hagen, D., Nellemann, C., Framstad, E., Erikstad, L., Gjershaug, J.O. & Vistnes , I.
År 2007
Kilde NINA Rapport 188A: 40 pp.
ISBN, ISSN 978-82-426-1818-4
Referat

Dovrefjellrådet (DFR) ønskjer å styrke forvaltninga av Dovrefjell-Sunndalsfjella og tok difor ini-tiativ til eit prosjekt på tema ”Overvaking av verneområda på Dovrefjell.” DFR håpar med dette å få eit betre og stadig oppdatert fagleg grunnlag for arbeidet med å forvalte verneområda. Norsk Institutt for naturforsking (NINA) fekk oppdraget, og det vart dessutan nedsett ei breitt samansett prosjektgruppe til å følgje arbeidet. Parallelt har Direktoratet for naturforvaltning (DN) arbeidd med å utvikle eit nasjonalt program på overvaking av verneområde. I den sa-manheng kom det ønskje om å utvide ”Dovrefjellarbeidet” med ei meir prinsipiell drøfting av behov og innhald for framtidig overvaking av norske verneområde. Difor er dette eit pilotpro-sjekt, og difor er rapporten todelt; ein innleiande overordna del A og ein del B med forslag til overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C er ei samling med vedlegg som gjev konkrete feltinstruksar innafor dei prioriterte fagtema i overvakingsplanen. Overvaking av norske verneområde I Noreg har det vore stor innsats på å etablere nye verneområde, men låg prioritering av miljø-overvaking og av naturforvaltning generelt. Dette rammar m.a. verneområda. Dei seinare åra er dette kritisert frå fleire hald, og kanskje sterkast frå Riksrevisjonen som seier at det er for stor avstand mellom det høge ambisjonsnivået i norsk vernepolitikk og den låge innsatsen for å nå ambisjonane. Det er behov for å gjere forvaltninga reelt kunnskapsbasert, slik stortingsmel-dinga om biomangfald (St.meld.nr. 42 (2000-2001) la opp til. I følgje Riksrevisjonen trengs det langt betre innsats på overvaking av verneområda for å bli i stand til å vurdere tilstanden for dei kvalitetar ein ville sikre gjennom vernet, og forvaltninga må bli i stand til å ”ta tak” når uheldig utvikling er påvist. Vi foreslår ei utvida forståing og utvida innsats på overvaking i verneområde. Overvakinga må skreddarsyast til det enkelte området, vere forankra i gjeldande verneformål, og bli gjort til eit ansvarsområde for den som har forvaltningsansvaret for området. Men det er også viktig å sjå ulike verneområde (med t.d. same naturtypar) i samanheng, og det er dessutan avgjerande at denne områdetilpassa overvakinga finn sin plass som eit supplement til den overordna nasjo-nale miljøovervakinga; ei basisovervaking som like sårt treng styrking. Slik basisovervaking vert ikkje omtalt i rapporten. Vi forslår fylgjande kriterium for korleis ein prioriterer for overvaking av verneområde: • Overvakingstemaet skal ha forankring i vernemålet for verneområdet • Det aktuelle vernemålet kan vere (potensielt) truga • Denne trusselen skal kunne reduserast/fjernast, eller skaden reparerast ved innsats frå forvaltninga. Dette tyder at overvaking av verneområde (i denne rapporten) har eit meir lokalt fokus enn den nasjonal miljøovervakinga. Klimaendring og (delvis) langtransportert forureining er for store tema fordi den lokale forvaltninga oftast får gjort lite med årsakene til problemet (men ein kan av og til reparere lokale effektar – t.d. kalke mot sur nedbør). Med det lokale fokuset vil t.d. faunakriminalitet, forsøpling, inngrep, uroing av dyreliv, slitasje, ferdsel og opplevingskvalitet vere viktige tema. Vi vektlegg ei brei fagleg tilnærming som både inkluderer biologiske kvalite-tar, kulturminne og sosiale tema (friluftsliv og ferdsel). Måleparametrane vil både vere knytt til miljøtilstand (vernekvalitetar) og miljøendring (påverknader og moglege truslar). I overvakingsarbeidet er det viktige utfordringar m.a. knytt til utvikling av integrerte forvaltnings- og overvakingsmodellar (mange utanlandske modellar gjev hjelp), prioritering av tema og val av overvakingsindikatorar (m.a. fordi vernemåla er for generelle og må spissast), fagleg for-svarleg overvaking (kven garanterer kvaliteten?), praktisk felttilpassing (ideal: enkel metodikk, data. Dessutan dette viktige og ”unorske”: Når er nok nok? Kva er så kritisk endring eller på-verknad at ein må setje i verk tiltak? Og korleis vil ein her balansere det faglege og det ”politis-ke”? Dovrefjell-Sunndalsfjella Dovrefjell vart i 1972 verna som nasjonalpark pga. den unike og intakte høgfjellsnaturen og for verdien som eit stort samanhengande område utan store inngrep. I 2002 vart vernet utvida til eit av landets største verneområde. Som for dei fleste store verneområda har ein også her dels lite og dels mangelfull kunnskap både om tilstanden for dei biologiske, kulturelle og sosiale kvalitetane, om eventuell menneskeleg påverknad, og om endring og utvikling etter vernet. Etablering av ”plan for overvaking av verneområda” på Dovrefjell skal ha som ambisjon å følje utviklinga i området over lang tid, gjennom systematiske registreringar. Slik sett skal den gje eit godt fagleg grunnlag for forvaltning av området. Tilnærminga til overvakingsplanen følgjer langt på veg dei overordna vurderingar om overvaking som er gjort ovanfor. Utover den nære nytta for verneområda på Dovrefjell så vil data som er samla inn gjennom god overvaking også vere nyttige i den overordna miljøovervakinga på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå, knytt til større påverknadsprosessar. Tilstand for ulike vernekvalitetar på Dovrefjell Overvaking av naturen er ikkje noko nytt i dette fjellområdet. Dovrefjell har vore arena for bio-logisk forsking gjennom to hundreår og fleire av dei artsretta nasjonale overvakingsprogram-ma er lokalisert hit. Artar og artsgrupper som er godt dekt av nasjonale overvakingsprogram eller anna systematisk registreringsarbeid står ikkje sentralt i dette prosjektet, men å utfylle vik-tige tema har vore viktig: Utvalet av biologiske indikatorar er motivert utifrå målet om eit intakt høgfjellsøkosystem med villrein, og sentrale indikatorartar (som rovfugl, rype og smågnagarar) får meir fokus enn dei gjer i dei nasjonale overvakingsprogramma. Vi presenterer to nivå i pla-nen – eit ”ideelt” og eit innkorta prioritert. Finansiering, kompetanse og arbeidskapasitet vil sty-re kva som let seg gjennomføre. Vi må understreke at ei overvaking av (dette og andre) verne-område er avhengig av at den overordna nasjonale basisovervakinga blir utvikla på ein god måte. Elles er det fare for å tolke lokale overvakingsdata feil. Mennesket på Dovrefjell Ved å inkludere menneskeleg bruk og menneskeleg påverknad, så omfattar planen tema som er nye i norsk systematisk miljøovervaking. Dette er viktige tema, både fordi friluftsliv er ein del av verneformålet, fordi ulike lokale interesser ønskjer å utvikle ny berekraftig næring i området, og fordi ”mennesket i naturen” kan vere både ein reell og potensiell trussel mot andre viktig miljøkvalitetar. Det trengs meir kunnskap om ”mennesket på Dovrefjell”. Overvakinga skal gje høve til å kople biologiske og sosiale dataseriar, noko som og kan gje betre grunnlag for å tol-ke årsakssamanhangar (sjølv om dette ofte er komplisert). Overvaking av folk har ikkje god klang i norsk språk og forståing. Det smakar av kontroll og at ein ønskjer få bukt med noko ne-gativt, kanskje noko ulovleg. Det engelske ”social monitoring” er meir nøytralt og fagleg sett betre. For dette dreiar seg om ’systematisk, gjentakande registrering’ og ikkje om ’sosial kont-roll’. Overvaking er kunnskapsoppbygging om natur, bruk og påverknad. Indikatormål eigna for praktisk forvaltning av verneområda Både tilstandsindikatorar og påverknadsindikatorar blir vektlagt i planen. Når ein påviser end-ring for ein måleindikator/-parameter, så er det sjølvsagt også ønskjeleg å få kunnskap om kva som forårsaka denne endringa. Å prøve å dokumentere ein årsakssamanheng mellom tilstand og påverknad vil stå sentralt i tolkinga av overvakingsdata; det gjev ei særleg god hjelp i å byggje ei målretta og tilpassa forvaltning. Dette er ofte vanskeleg. Kunsten er å finne eller ut-vikle gode måleindikatorar (både på miljøkvalitet og påverknad) som hjelper ein å å nå dette idealet. Datainnsamling av oppsynet I overvakninga legg vi opp til at ein skal (så langt ein kan) nytte enkle, men robuste målemeto-dar som ikkje stiller krav om fagleg spisskompetanse. For å få til det er det viktig med eit godt samarbeid imellom fagekspertisen og feltstaben i planleggings- og utviklingsfasen. For visse tema må overvakinga gjennomførast av ekspertar. For all overvaking så gjeld det å byggje på klare arbeidsinstruksar (manualar) som gjev så eintydig arbeidsmetode som råd, slik at resulta-ta ideelt sett blir dei same, uavhengig av kven som gjer registreringa. Målet er å nytte så rele-vante, enkle, eintydige, presise og billige målemetodar som råd med tanke på lett gjennomfør-ing av registreringa, men dette må ikkje gå utover den faglege kvaliteten og relevansen på ar-beidet. Meininga er at oppsyn knytt til verneområda gjennom sitt daglege virke i verneområda, og ein del spesialregistrering, skal kunne utføre mykje av den praktiske datainnsamlinga. Men skal den nye overvakinga gje det lyftet i kunnskapsoppbygginga som ein treng, så må det tilfø-rast langt meir ressursar enn i dag. Sjølv om det meste av feltarbeidet blir gjort over ”ein enkel lest” så må ein nytte fagekspertise i analyse og tolking av ein del innsamla data.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning, Dovrefjellrådet (DFR).

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no