Publikasjon

Tittel Nye overføringar til Blåsjømagasinet - villreinfagleg vurdering
Undertittel Blåfjelloverføringane
Forfattere Jordhøy, P., Strand, O. & Bay , L.A.
År 2008
Kilde NINA Rapport 401: 34 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1967-9
Referat

Statkraft har planar om å gjennomføra tilleggsreguleringar i Blåsjøområdet Områda som vert påverka av utbygginga utgjer funksjonsareal innan leveområda til villreinbestanden i Setesdal Ryfylkeheiane villreinområde. Målet med denne rapporten er å få synt kva konsekvensar ein vidare vassdragsutbygging i dette området vil kunne ha for villreinen her. Gamle fangstsystem viser at området tidlegare har hatt betydeleg funksjonalitet. Anleggsperioden vil generere betydeleg uroing for reinen som nyttar området. Bukkeflokkane sin tradisjonbruk av området vil difor kunne opphøyre i kortare eller lengre tid. Røynsla viser at dyra tek opp at bruken etter ei tid, dersom uroinga opphøyrer etter ferdigstilling av anlegget. Dersom anlegget etterlet seg vegnett med betydeleg heva standard og brukstilgang, kan dette ha potensiale i seg til auka trafikk og såleis meir uroing for reinen på sikt. Bandlegging av aktuelt areal for rein i samband med ei heving av Stora Blåfjellvatnet utgjer knapt meir enn 500 m². Redusert bæreevne for bestanden som fylgje av dette vil sannsynlegvis vere minimal. Anna bandlegging av areal ved desse små inngrepa er og minimale. Området sin funksjon som trekkområde er og reell, og i ljos av trongen for utveksling av dyr områda imellom (innan vedtekne europeiske villreinregionar), må ein også påpeike den negative effekten inngrepa kan få i ein slik samanheng. På bakgrunn av det samla og aukande presset villreinen i Setesdal Ryfylkeheiane er utsett for, vil dette inngrepet vere eit negativt element, men av svært lite omfang. Det er viktig å sjå heilskapen av begrensingar for reinen i ein slik prosess, der kvar bit er med og dannar det totale inngreps- og uroingsbiletet. Straumline er planlagt ført fram til pumpehus ved Stora Blåfjellvatnet. Ein vil her anmode om at lina om mogleg blir lagt i sjøkabel gjennom Trolltjørna og Stora Blåfjellvatnet, slik at ein unngår ei mogleg beitebegrensing innan allereie marginale beiter her. Ein bør tilstrebe minst mogleg uroing (menneskeleg aktivitet) i terrenga frå områdene nord for Oddatjørndammen og forbi Førrevassdammen mot Stora Blåfjell/ Oddaheia.
Oppdragsgiver Statkraft AS.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no