Publikasjon

Tittel Ferdsel ut frå fjellnære reiselivsbedrifter
Undertittel
Forfattere Vistad, O.I.
År 2009
Kilde NINA Rapport 441: 42 pp + vedlegg. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Lillehammer.
ISBN, ISSN 978-82-426-2007-1
Referat

Utgangspunktet for prosjektet er arbeidet med Fylkesdelplanar for tre store villreinområde som no vert gjennomført: Rondane/Sølnkletten, Hardangervidda og Setesdalsheiane. I den samanheng er det eit grunnleggande kunnskapsbehov, både om villreinens arealbruk og om menneskeleg aktivitet. Reiselivet er ei av dei viktigaste økonomiske interessene i og rundt desse fjellområda, difor fekk behovet for kunnskap om ferdsel ut frå reiselivsbedrifter prioritet. Prosjektet vart lagt opp slik at 3 reiselivsbedrifter pr fjellområde (totalt 9) skulle vere med. Deltaking frå bedriftene si side var frivillig og lagt opp med stor eigeninnsats frå bedrifta (all datainnsamling). Valet at bedrifter bygde på visse kriterium og ferdselen skulle kartleggast både i lågsesong og høgsesong, både vinter og sommar/haust. Dette vart delt ut eit spørjeskjema for kvart utleigd rom, fordelt på 4 innsatsdagar i løpet av året. Kvar bedrift hadde fridom til å velje innsatsdagar, for å få ei lokal tilpassing. Det er svært sårbart å overlate datainnsamlinga til den enkelte bedrifta, og gjennomføringa feila på ein del punkt. Metoden og feilkjelder blir drøfta i rapporten. Nokre bedrifter vart skifta ut frå vintersesong til sommarsesong. I delar av analysen er bedriftene delte inn i Turhotell og Alpinhotell, og delvis også i Reise Tilbedrifter og Reise Forbi-bedrifter (utifrå korleis bedriftene er lokalisert i høve til viktige gjennomfartsvegar). I alt vart 404 skjema fylt ut og om lag 2/3 av dei i løpet av vintersesongen. I tillegg til å få kunnskap om kor aktive gjestene var, så skulle skjemaet kartlegge kven gjestene var, motiv for besøket, tidlegare erfaring frå området, eiga friluftserfaring, bruken av stiar og løyper, og synet deira på moglege forvaltningstiltak i framtida (fysiske tiltak, forbod og kursing). Norske gjester dominerer, det er lik kjønnsfordeling, dei fleste er høgt utdanna og dei har ein snittalder på 52 år. Mange av gjestene har vore i same området/hotellet før. Dei viktigaste besøksmotiva er knytt til Fin natur, Gode turhøve og Gode turstiar/skiløyper. Verdien av desse motiva er like stor for sommar- som vintergjester. Men desse motiva er viktigare for gjestene på typiske Turhotell enn på Alpinhotell. Den store majoriteten av gjester brukar naturen aktivt (85 %), og det er noko fleire uteaktive vintergjester enn sommargjester. Det er eit logisk mønster i kva aktivitetar som dominerer: Sommartid er det fotturar og vinterstid er det skiturar (Turhotell) og alpint (Alpinhotell). Gjestene er påfallande aktive i utemiljøet; motiv og atferd ser ut til å harmonere. Ikkje berre går dei turar, dei går også lange turar. Dei lengste turane er skiturar og blir gjennomført før eller etter påske (snitt 16,1 km). Påsketurane er kortare (snitt 12,6 km) og sommarturane endå litt kortare (9,0 km). Gjestene ved Turhotell går lengre turar enn gjestene ved Alpinhotell. Vintergjestene startar alltid skituren ved hotellet, medan nær ¼ av sommargjestene køyrde bil til eit startpunkt for fotturen. Dei aller fleste fylgde stiar og løyper; det gjeld særleg vintertid då 77 % nesten berre gjekk langs oppkøyrde og merkte skiløyper, medan 63 % av sommargjestene primært fylgde merkte og skilta stiar. I hovudsak er dette gjester som set pris på merkte stiar og skiløyper. I synet på moglege tiltak for å avgrense ferdselen av omsyn til villreinen, er det uråd å lese eintydig kva gjestene kan akseptere. Mange viser vilje til å akseptere regulering (særleg blant gjestene på Turhotell), men det er også klare synspunkt frå mange gjester på Reise Til-hotell om at ein vil finne seg eit anna fjellområde dersom det vert færre oppkøyrde skiløyper. Gjestene med tidlegare erfaring frå hotellet/same fjellområdet, aksepterer i større grad innstramming i talet oppkøyrde skiløyper; dei vil likevel kome tilbake. Tiltak som inneber ferdselsforbod eller kursing er i større grad akseptert av dei med høg utdanning. Men den same gruppa viser mest motstand mot at det skal bli færre stiar i området. Dette kan tyde på at informasjon og læring kan vere gode grep for denne gruppa.
Oppdragsgiver Hedmark fylkeskommune, Oppland fylkeskommune, Telemark Fylkeskommune, Vest-Agder fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Aust-Agder fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no