Publikasjon

Tittel Villreinen i Fjellheimen
Undertittel Status og sårbare habitat
Forfattere Jordhøy, P. & Strand, O.
År 2009
Kilde NINA Rapport 411: 50 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1977-8
Referat

Målsetjinga med dette arbeidet er å få samla og oppsummert kjent kunnskap om reinen og tilhøyrande leveområde i Fjellheimen. Ut frå dette skal ein kunne peike på sårbare habitat, kva som utgjer dei sterkaste menneskeskipa begrensingane og kva tiltak ein må gjere for at desse skal bli minst moglege. Fjellheimen består av store fjellparti sør for Sognefjorden og strekkjer seg frå Fresvik i aust til Masfjorden i vest. Dette kystnære fjellområdet er svært snørikt, men ned-børsmengden avtek sterkt austover. Vinterbeitene representerer dirfor berre ca. 10 % av beitene totalt sett, mens sommarbeitene er rikt utbreidd. Einskilde lavkledte ryggar finns mellom anna ut mot Nærøyfjorden og Stalheim. Fjellandskapet er kupert og reinen finner mange gode funksjonskvalitetar, mellom anna snøfonner til vern mot insekt i dei varmaste periodene om sommeren. Det er også mange snøleier med frisk vegetasjon sommeren igjennom. Fangstanlegg og dy-regraver viser at dette har vore villreintraktar frå gammalt av. Særskilt interessant er eit stort massefangstanlegg ved Fresviksbreen. Dyregravane si plassering fortel at reinen i hovudsak nyttar dei same trekkvegane i dag som i gamal tid. Bestanden tel i dag ikring 500 vinterdyr. Vinterbeitene er naturleg utbreidd i dei mest nedbørfattige områdene i aust og sør-aust. Generelt kan ein seie at lavbeita i den austlege delen er svært flekkvis fordelt og inngår i ei blanding av grøntbeiter og lavbeiter. Røynslene frå lokale observa-sjonar tilseier at reinen kan beite ned lavmatta i eit avgrensa område nokså snøgt, for så å flytte til andre område med rikare lavførekomst. Såleis kan det sjå ut som her er korte beiterotasjonsperiodar på grunn av flekkvis og marginal førekomst av lav. Grøntbeitet har rik førekomst i store delar av Fjellheimen villreinområde, særleg innan områder med dalar og botnar der det er lausmassar og god grobotn for ve-getasjon. Høg nedbør saman med variert topografi er og sjølvsagt andre viktige faktorar for den gode grøntbeiteproduksjonen her og gjer at tilgangen på proteinrikt beite er god sommaren og hausten igjennom. Mellom inste delen av Eksingedalen og Myrkdalen er det eit fjellband (Blåeggi og omegn) der reinen kan trekke nord-sør mellom Vikafjellet og ”Volafjellet”. Denne korridoren er svært viktig for utveksling av dyr mellom områda her. Aust-vesttrekket over Vikafjellvegen er og svært viktig for bestanden som heilheit. Eit svært sentralt trekk om vinteren er til dømes trekkorridoren over tunnelltaket mellom Valanipa og Sopandefjellet (tunnellen bygd i 1982). I tillegg er aust-vesttrekket sør for Skje-lingavatnet svært viktig. Røynsla med reinen sitt val av kalvingsland tilseier at desse funksjonsområda kan flytta seg noko over tid. Dei siste 10 åra har området ikring Store Muravatnet vore mykje nytta til kalvingsland. Slaktevektene i Fjellheimen tyder at dyra sin kondisjon er god og stabil. For simle 2år+ (nytta som den mest representative kategorien når det gjeld kondisjonsmål) ligg gjennomsnittleg slaktevekt på den øvre del av skalaen for norske villreinbes-tandar. Reinen i Fjellheimen er døme på ein bestand i eit kystnært fjellandskap som trass i svært marginale vinterbeite er vital og i godt hald. Gamle fangstminne av stort mangfald tyder og på at det har vore god bestand her jamvel i tidlegare tider. Gunstig topografi og stadvis svært gode barmarksbeite (vekstbeite), med lang bei-tesesong og godt tilpassa bestandsstorleik, bidreg nok til bestanden sin gode kvali-tet. Reinen er og har vore ein nøkkelart i Fjellheimen i det meste av perioden etter siste istid Dei tyngste inngrepa i Fjellheimen er forårsaka av kraftutbygging, veg- og hytteut-bygging. Bandlegging av beite, trekkvegar (også hindringar i form av skjeringar og brøytekantar) og andre funksjonsområde samt effektar av kraftleidningar utgjer ne-gative faktorar for reinen i området. Ei rekkje inngrep og uroingskjelder påverkar reinen i Fjellheimen negativt. Det er viktig å leggje til grunn at det er summen av desse saman med dei naturgjevne til-høva som til slutt blir avgjerande for effektane på reinen. Ein må også nemne at mange bygningar (setrar) og tilhøyrande aktivitet i Fjellheimen meir eller mindre har gått ut av bruk dei siste 50 åra og ført til mindre uroing i delar av området. Seterhu-sa kan somme stader rettnok bli nytta i samband med ettersyn av beitedyr. Totalt sett er planen for utviding av Voss fjellandsby svært omfattande og vil med full utbygging påverke eit betydeleg areal innan reinen sitt leveområde. Habitatet sin karakter og kvalitet i randsonearealet her er rett nok godt representert i villrein-området (grøntbeiter – vår, sommar, haust), og det hovudsakelige av aktiviteten i Myrkdalen vil vere vinterstid. Som vinterbeiteområde er desse snørike delane av villreinområdet ikkje dei mest verdifulle og nytta delane av området. Det største skadepotensialet i høve til rein ligg truleg i ei mogleg uroing lengre innover i fjom-rådet , gjennom utfart frå toppområda på heisgatene. Særskilt tenkjer ein da på den sårbare flaskehalsen mellom Volaområdet og Vikafjellområdet. Vidare vil full utbygging i Myrkdalen generere ein trafikkauke og auka utfart frå Rv13 på Vikafjel-let. Med det store gjestepotensialet det er lagt opp til, vil det og kunne bli auka ferdsle og aktivitet i tilgrensande fjellområde i sommarsesongen. Det er viktig at ein har perspektiv på Voss fjellandsby som ein del av det totale uroingsbiletet i Fjell-heimen villreinområde. Dei to vestlegaste skiheisene ved fjellandsbyen går langt opp i fjellet og er truleg dei som vil ha størst potensiale for å generera ferdsle inn mot det sårbare reinstrekkområdet (nord-sør) i Torvedalen. Det vil ut frå eit slikt perspektiv vere ein klar fordel om skiheiser og nedfartstrasear vart meir konsentrert mot nordaust i samband med dei andre heistraseane der. Vikafjellvegen er utsett for å bli stengt vinterstid på grunn av uver. Bygging av mil-jøtunnell her er difor kome fram i samfunnsdebatten. Ei slik løysing vil klart også vere positiv for villreinen, dersom vinterbrøyting av andre vegar inn på Vikafjellet ikkje finn stad. Uroingspotensialet vil såleis kunne bli sterkt redusert og trekkvega-ne sin funksjonalitet betydeleg betra. Vinterbrøyting av vegar inntil hyttene på Vika-fjellet vil kunne redusera denne nemnte vinsten betydeleg (avhengig av trafikkom-fanget ein får i området). Ein vil likevel tru at ein lettare ville kunne regulera slik lo-kal ferdsle, enn ferdsla på Rv13 i dagens tilstand.
Oppdragsgiver Voss kommune.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no