Publikasjon

Tittel Lufsjåtangen og Dagalitangen på Hardangervidda
Undertittel Kunnskap og utfordringar i høve til villreintrekk og menneskeleg arealbruk
Forfattere Jordhøy, P. & Strand, O.
År 2009
Kilde NINA Rapport 412: 77 pp + vedlegg. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1978-5
Referat

Buskerud fylkeskommune (koordinator) ynskjer å få utarbeidd ei villreinfagleg utgreiing om tangeproblematikken på Lufsjåtangen og Dagalitangen i samband med fylkesdelplanen for Hardangervidda. Hovudmålet med Fylkesdelplanen er å koma fram til ein langsiktig og heilheitleg strategi for bruk av areal som er viktige leveområde for villreinen, eller som påverkar villreinen sine leveområde. Prosjektet sine mål er å klarleggje fylgjande problemstillingar: 1. Kva betyr Lufsjåtangen og Dagalitangen som delar av leveområdet for villreinen på Hardangervidda ut frå naturgjevne tilhøve? 2. Kva er avgrensande faktorar for villreinen sin bruk av tangane? 3. Kva tiltak må eventuelt gjerast for at området skal bli betre tilgjengeleg for villreinen? 4. Kostnads- og nytteverdiar av eventuelle tiltak Villreinen sin historikk og status på Hardangervidda, herunder dei austlege tangane, er etter måten godt kjent gjennom skriftlege arbeid, overvaking og teljingar. Mykje kunnskap er publisert om eit vidt spekter av tema, frå beitestudiar til bestandsdynamikk og habitatbruk. Dei austlege delane av Hardangervidda har normalt lite snø og is og det er her ein finn dei viktige vinterbeiteområda. Tilgang på godt vinterbeite er vurdert å vere den viktigaste avgrensinga for storleiken på bestanden. Lufsjåtangen har betydelege vinterbeiteressursar, og utgjer saman med Dagalitangen ein potensielt viktig vinterbeitereserve for reinen på Hardangervidda. Det store tal fangstgroper på Austvidda og konsentrasjonen av desse, er den største som finns i Noreg sør for Jotunheimen. Storparten av fangstgropene ligg i høgdelaget 1200-1400 moh og er hovudsakeleg steinmura groper. Hovudretninga på desse gropene er i dei sentrale delane av Austvidda orientert aust-vest og speglar hovudretninga i reinen sitt forflyttingsmønster og hovudtrekka. Innfallspartiet mot Lufsjåtangen har særskilt stor førekomst av groper. Likeså er det ein god del fangstgroper på tangehalsen til Dagalifjell. På slutten av 1700-talet starta ein ny bolk i menneska sitt tilhøve til reinen her. Ein tok til med tamreindrift, først i liten skala og seinare i stort omfang. Stølsdrift, fedrifter, beiting og anna primærbruk syner at det tidlegare har vore stor menneskeleg aktivitet på tangane og tilhøyrande innfallsparti. Denne aktiviteten var særleg knytt til sommarhalvåret. I dag er dette bruksbildet annleis, både i tid og rom gjennom sesongen. Moderne fritidsbruk har teke over i stor grad, og mykje av dei gamle brukstradisjonane ser ein i dag berre spor av. Vi har omfattande posisjonsdata, både kvantitative og kvalitative, som seier noko om reinen sin bruk av Dagalitangen og Lufsjåtangen. På 2000-talet er det ikkje observasjonar av rein på Dagalitangen i det heile. På Lufsjåtangen har det vore sporadiske observasjonar. Ut ifrå data frå GPS-merka dyr i perioden 2001-2009 kan det sjå ut som det framleis er ein viss trafikk av dyr på tangane i sør kring Tessungdalen – Breidsetdalen – Gøyst. På Dagalitangen kan tilsvarande data tyde på fråver av rein i perioden. Ser ein på den samla påverknaden på villreinen i form av utbygging og menneskeleg aktivitet, er innfallspartiet til Dagalitangen etter måten massivt utbygd kring fjellovergangen på Dagalifjell. Dette genererer stor utfart og ferdsle til alle årstider her. Det er eit nettverk av stiar og løyper både aust og vest for tangehalsen. På Lufsjåtangen er utbygging og tilrettelegging for ferdsle langt mindre, særleg i dei sentrale og høgstliggande delane. Sti og løype til og frå Lufsjå turisthytte genererer ein del ferdsle gjennom sentrale delar av tangehalspartiet. Reguleringa av Sønstevatn har hatt negativ innverknad på reinen sine trekktilhøve ut mot Lufsjåtangen. Endringane i høve til den menneskelege aktiviteten i tid og rom inneber at denne no er jamnare fordelt over heile året og at den er meir konsentrert til avgrensa geografiske område, der ein har tilrettelagt infrastruktur for stor aktivitet. Dette gjeld særleg sonene ikring tangehalsane på Dagalitangen og Lufsjåtangen. Her er det eit inngreps- og aktivitetsbilete som sterkt hemmar/reduserar funksjonaliteten til villreinen sine trekkorridorar ut mot dei sentrale tangefjella. Dette gjer seg sterkast gjeldande på Dagalitangen. Naturgjevne faktorar er og sterkt medverkande til korleis villreinen nyttar ytterkantar og tangar i leveområdet. Betydinga av tangane som vinterbeite for reinen kan såleis også forklarast med trongen reinen har for å finne alternative beiteområde i periodar med stor bestand og i vintrar når beitetilhøva er vanskelege. Det er effektane av beitetrykket i dei sentrale områda saman med snø- og isingstilhøva som fremjer denne trongen. Tangane har betydelege lavbeiteressursar som reinen kan nytte når snøtilhøva eller nedbeitingsgraden i dei sentrale delane av Hardangervidda fører til næringsstress hjå dyra. Trongen til å nytte dei meir perifere beiteområda blir da stort slik at betydinga av desse beiteareala over tid vil vere langt større enn kva den prosentvise fordelinga av areala skulle tilseie. Dette skuldast at dyra i ein situasjon med stor bestand og eventuelt også vanskelege beitetilhøve (til dømes ising), ikkje har tilgang til beite på dei sentrale delane av Hardangervidda. I ein slik situasjon, som elles var hovudårsaka til utvandringa til Nordfjella tidleg på 1980- talet, har ikkje dyra andre beite å ty til enn dei som ligg på kantane og i dei meir perifere delane av området. Ein stor andel av dei reelt tilgjengelege beita vil i ein slik situasjon ligge på tangane og i randområda. Vi har i denne rapporten rekna ut utbreiinga av rabbar som inneheld beitelav både på tangane og i meir sentrale delar av Hardangervidda. Tilsvarande utrekningar er også gjort tidlegare av fleire beitegranskarar. I sum tyder desse utrekningane på at rundt 5-10 % av det totale vinterbeitearealet finns i tangeområda. Funksjonaliteten av innfallspartiet til Lufsjåtangen har vorte endra som fylgje av ymse menneskeleg påverknad. Kulturhistoriske data og kart viser mellom anna korleis dette området var før utbygginga av Sønstevatn. Lokaliseringa av fangstgroper som er kjent frå området ikring vatnet viser tydeleg korleis denne sommarog haustfangsten har vore retta mot eit trekk gjennom området. Når vi ser dette saman med dagens tilhøve får vi eit tydeleg bilde av korleis trekkrutene har blitt påverka av ulike inngrep i dette området. Restaureringstiltak for å bøte på naturskadelege inngrep og uroingar er gjort i ei rekkje høve. Miljøtunnellar, fredingssoner, flytting av hytter og ferdsleregulering er døme på slike. I dei to høva her er det minst problematisk og mest realistisk å kunne gjere verksame tiltak på Lufsjåtangen – der tangehalsarealet enno er berre moderat utbygd og vegsambandet er vinterstengd. Ei tilrettelegging for ein framleis bruk for villreinen føreset mellom anna stopp i utbygginga over Imingfjell og at vegen held fram med å vere vinterstengd. Perioden for vinterstenging må minst vere på dagens nivå. I høve til tiltak på Lufsjåtangen i det heile bør ein utarbeide detaljert plan for tilrettelegging og utvikling av gode og presise målkriteriar, samt tiltak/ planer for overvaking og etterprøving av måloppnåinga. Det er vinterbeiteperioden som er mest sårbar for reinen i desse områda. Når det gjeld fritidsaktivitet om vinteren er det mellom anna lagt til rette for skigåing gjennom merka løyper. Når det er rein i området kan ferdsleregulering innan sensitive område vere aktuelt. Det vil truleg vere eit effektivt (men kostbart) tiltak å legge vegen i tunnell under den viktigaste delen av trekkområdet. Med eit slik tiltak føreset ein at noverande veg og anna faste installasjonar i tunnellområdet blir sanert, slik at trekkområdet får minst mogleg med uroingskjelder på lang sikt. Å opparbeide nye trekktradisjonar kan ta tid, slik at ein bør legge opp ein langsiktig strategi. Eit viktig alternativ til trafikkåre mellom Tinn og Numedal er vegen over til Veggli. Denne vegen er i dag vinterstengd, og lokale styresmakter har drøfta tilhøva for få til ein heilårsveg her. Som alternativ til eventuell vinteropen veg over Imingfjell vil eit slikt tiltak kunne vere ein god tilnærming på løysing av problematikken ikring vegsambandet i regionen også ut frå villreinomsyn. For Dagalitangen er det ei langt større utfordring å finne aktuelle løysingar for å stimulera villreintrekk utover på tangen, med dagens massive barrierar over tangehalspartiet. Tek ein utgangspunkt i restaurering av gamle kjente trekkorridorar i tangehalspartiet, vil ein måtte gjere drastiske tiltak for å oppnå gode løysingar. Det kan innebere mellom anna sanering av hytter, tunnellegging av vegen og ferdsleregulering – dersom ein skal ha von om at reinen vil ta opp gamle trekktradisjonar att. Alternativt kan ein diskutere korvidt ein inngrepsfri overgang over vegen er aktuell å forsøke, men dette vil og vere ei usikker løysing.Tiltaket må i så fall fylgjast opp med ei rekkje andre tiltak i trekksonen.
Oppdragsgiver Buskerud fylkeskommune.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no