Publikasjon

Tittel Gytefisktelling i Toåa hausten 2009
Undertittel
Forfattere Bremset, G.
År 2009
Kilde NINA Rapport 530: 21 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2105-4
Referat

I oktober 2009 vart det gjennomført drivtelling av gytemoden laks og sjøaure i Toåa, i ei om lag 7 kilometer lang strekning frå absolutt vandringshinder til flopåverka område. Det vart registrert til saman 51 laksar og 180 sjøaurar. I tillegg vart det observert ein del umoden sjøaure som ikkje er inkludert i vidare analysar. Av dei observerte laksane vart 47 individ klassifisert som villfisk mens fire individ vart klassifisert som rømt oppdrettsfisk. Med atterhald om at registreringane gav eit representativt bilde av stoda, var innslaget av rømt oppdrettslaks i gytebestanden hausten 2009 om lag 8 %. Dette er i så fall eit vesentleg mindre innslag enn det som tidlegare er funne i samband med stamfiske etter laks. Den største førekomsten av laks (55 % av registreringane i elva) vart observert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen. Elveavsnittet ved Ramsøya er vurdert å vera det viktigaste gyteområdet for laks i Toåa. Gytemoden sjøaure hadde ei noko jamnare fordeling i vassdraget enn laks, men begge artar var i stor grad fråverande frå området mellom Laksesteinen og Skulebrua. Dei største førekomstane av gytemoden sjøaure vart registrert i området mellom Bjøråa og Laksesteinen og i området mellom Skulebrua og flomålet. Begge desse områda synest å vera viktige gyteområde for sjøaure i Toåa. Eit aktuelt gytebestandsmål for laks i Toåa er ein årleg deponering av 600 000 lakserogn. Ulike estimat på rogndeponering tilseier at det hausten 2009 vart deponert i storleiksorden 80 000 - 240 000 lakserogn. Dette gir sterke indikasjonar på at laksegytinga i Toåa hausten 2009 langt frå var tilstrekkelig til å oppfylla eit slikt gytebestandsmål. Estimert rogndeponering hos sjøaure hausten 2009 er i storleiksorden 140 000 - 590 000 aurerogn. Dette tyder på at sjøauregytinga var tilstrekkeleg for å fullrekruttera Toåa med årsyngel i 2010. Vidare kan ein forventa ein talmessig dominans av aure hos årsyngel i 2010.
Oppdragsgiver Trønder Energi Kraft AS.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no