Publikasjon

Tittel Effektar av motorferdsel i utmark på natur, folk og samfunn
Undertittel Ein kunnskapsstatus
Forfattere Vistad, O.I. (ed.), Hagen, D. & Reitan, O.
År 2007
Kilde NINA Rapport 187: 54 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-1745-3
Referat

Effektar på vegetasjon og terreng Terrengkøyring på barmark er den motorferdselaktiviteten som gjev klart mest skade på vegetasjon og landskap. I tillegg kan ferdsel med snøskuter i periodar eller i område med lite snø eller på tint mark medføre vegetasjonsskadar. Vegetasjonen sin evne til å motstå påverknad utan å bli øydelagt eller påverka blir kalla slitestyrken. Eit økosystem eller vegetasjonsdekke har evne til å hente seg inn etter inngrep, dvs. til regenerering. Område eller vegetasjonstypar med låg slitestyrke og liten regenereringsevne er spesielt sårbare i høve til mekanisk påverknad. Skaden på vegetasjon og terreng oppstår når belte eller hjul slit på overflata og grev seg gjennom vegetasjonsdekket. Motorferdsel kan påverke vegetasjonsdekke på ulikt vis. Om det vil oppstå ein skade, eller kor omfattande skaden blir, er avhengig av ei rekkje svært ulike faktorar. Nokre faktorar er relatert til sjølve køyringa, medan andre er avhengige av miljøforholda der køyringa skjer. Effektane varierer med tidspunkt for køyringa, køyretøytype, aggressivitet i køyringa, køyreomfang og kor i terrenget køyringa føregår. Miljøforholda og dei økologiske tilhøva på lokaliteten er også avgjerande for kva slag effektar køyringa vil medføre. Generelt har fuktige vegetasjonstypar på fin jord lågast slitestyrke, medan tørr fjellvegetasjon på grovt substrat har dårlegast regenereringsevne. Vegetasjonstypar i fjellet er sårbare. Målte effektar av køyreskadar er svært avhengig av belastningsgrad eller slitasjenivå. Ved begynnande eller moderat slitasje er endringar i artssamansetjing eller dekning av enkeltartar målbart. Område med omfattande køyreskadar er prega av jorderosjon og blottlegging av jord, humus og minerogent substrat. I område med høg naturverdi kan også små effektar ha stor konsekvens. Rapporten skisserer førebyggande og avbøtande tiltak som reduserer negative effektar av motorferdsel. Det er eit klart kunnskapsbehov knytt til planlegging, utforming, gjennomføring og evaluering av slike tiltak. Effektar på fauna Den motorferdselen som gjev størst påverknad og effekt på dyrelivet ser ut til å vere luftfartøy. Vidare er snøskuter og truleg også barmarkskøyring – i periodar med hekking og yngling – ein særleg stor trussel mot både pattedyr og sårbare fugleartar. I vassdrag og innsjøar er motorferdsel på vatn særleg ein trussel mot samlingar av sårbare vassfuglartar. Det er mykje fokus på villrein, og reinen ser ut til å vere sårbar på relativt lang avstand frå uroinga. Fjellreven er truleg også særleg sårbar. Sårbare fugleartar finn ein både i alpine område og i våtmarker, og særleg rovfuglar vert negativt påvirka av motorferdsel nær hekkeplassane. Andre dyregrupper enn pattedyr og fuglar vert truleg også påvirka. Dette er viktig når ein skal vurdere konsekvensane for det biologiske mangfoldet. Ein viktig faktor for kva effektar og konsekvensar motorferdsel får for dyr er kor sårbare dei er; dette varierer mykje mellom artar og dyregrupper. Garden av påverknad er avhengig av ei rekkje faktorar. Sjølve køyretøyet ser ut til å ha lita tyding, medan faktorar knytt til bruken har stortyding. Og det er ulike effekt av om køyretøyet er i lufta, på bakken, på snø eller i vatn. Viktig elles er tidspunktet for køyringa, omfang av køyringa og fordelinga i landskapet, og oppførselen til menneska på og utanfor køyretøya. Effektar på individ er relativt enkle å måle, t.d. ved å måle responsavstandar for dyr (artar, populasjonar) ved ulike typar menneskeleg aktivitet. Responsavstanden er ulik mellom både artar, typen køyretøy og bruken av køyretøyet. Å førutseie effektar og konsekvensar av uroing kan vere vanskeleg, då det er mange faktorar som påverkar kva effektar som er viktige, og kor store effektane vil vere. Det er klare kunnskapsbehov knytt til tiltak som kan redusere negative effektar av motorferdsel. Effektar på folk og samfunn Det er påvist regionale kulturskilnader i korleis nordmenn tenkjer om og trivst med motorferdsel i utmark. Dessutan finst det verdiskilnader knytt til naturbruk og motorferdsel – meir frikopla frå regional og demografisk tilknyting. Dette gjev seg utslag i ulike haldningar til liberalisering av regelverket. Det gjev seg også utslag i kva konfliktar som oppstår pga. av motorferdsel i utmark. I Noreg er det særleg dei sosiale konfliktane kring bruk av snøskuter som har fått merksemd, fordi det der har kome sterkast ønskje om å opne for rekreasjonskøyring. Både her, og der rekreasjonskonfliktar er studert elles i verda ser ein fenomenet asymmetri: Moderne, fartsog utstyrsprega og kanskje særleg motoriserte aktivitetar (døme: snøskuterkøyring) irriterer utøvarar av tradisjonelle, lågintense aktivitetar (døme: skigåing), men irritasjonen går i liten grad andre vegen. For å takle slike konfliktar er det viktig å forstå om det dreiar seg om målkonfliktar eller verdikonfliktar. Målkonfliktar får ein når motstridande mål og forventningar ”kolliderer” i terrenget. Desse kan ein i større grad kome ut av gjennom god planlegging og tilrettelegging (ofte ved å skilje grupper i tid eller rom). Verdikonfliktar er meir fundamentale og difor verre å løyse eller fjerne. Det er dårleg med norsk statistikk på medisinske effektar av ulike typar motorferdsel i utmark – det gjeld både ulykker (dødsfall, skadar, årsaker) og andre kroppslege effektar av slik motorbruk. Internasjonal forsking og statistikk syner høge ulykkestal (særleg om ein relaterer til omfanget av slik køyring, og særleg for unge gutar, og ofte under alkoholpåverknad). Det finst omfattande internasjonal medisinsk forsking om effektar på kroppen av terrengkøyretøy. Den påviser rygg-/nakke-/armproblem pga. risting, køyrestilling, terreng etc. Støy kan gje sjølvsagt gje høyrselsskade, men dette er sjeldan knytt til motorferdsel i utmark i seg sjølv. Utmarksproblemet med støy må ein sjå i samanheng med at mange er støyplaga i arbeid og bumiljø og difor søkjer ro i fritida / friluftslivet. Det er påvist generell samanheng mellom støy og høgt blodtrykk, hjarteinfarkt, svevnløyse mm. I tillegg kjem den individulle irritasjonen over motorstøy, som er særleg relevant i samband med fritid. Men støy er vanskeleg både som forskings- og forvaltningstema, nettopp fordi det er så store individuelle skilnader i kva som irriterer og kvifor. Svært mange faktorar samverkar – både knytt til person og til situasjon. Det er udiskutabelt at mange trivst med å bruke motorkøyretøy i naturen i fritida. M. a. difor kan mange land og regionar påvise store positive økonomiske effektar av tilrettelegging for motorferdsel i naturen – særleg i form av reiselivsprodukt (t.d. Canada, USA, Svalbard, Sverige, Finland). Difor kan t.d. skuterturisme vere viktig i eit distriktsøkonomisk perspektiv, i tillegg til arbeidsplassar knytt til sal og vedlikehald av terrengkøyretøy. Men motorturisme let seg vanskeleg kombinere med fred-og-ro-turisme – desse formene må skiljast i tid eller geografisk.
Oppdragsgiver NIBR.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no