Publikasjon

Tittel Fisketeljingar i Nausta i løpet av fiskesesongen 2008
Undertittel Vurdering av oppvandringsforhold og vandringshinder
Forfattere Bremset, G.
År 2009
Kilde NINA Rapport 462: 26 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2032-3
Referat

Hovudføremålet med prosjektet er å vurdera vandringstilhøva for sjøvandrande laksefisk i Nausta. Drivteljingar av laks og sjøaure langs mesteparten av lakseførande strekning sommaren 2008 tyda på at to større fossefall i avgrensa grad førte til ei opphoping av fisk. Den største opphopinga vart observert nedstraums det nedste fossefallet tidleg i fiskesesongen, då vasstemperaturen var låg og vassføringa var høvesvis høg. Seinare i sesongen var tendensen til opphoping av fisk mindre, og både laks og sjøaure var relativt jamt fordelt over heile vassdraget. Innvandrande laks og sjøaure er påverka av to fossefall på lakseførande strekning; Naustdalsfossen om lag halvannan kilometer frå sjøen og Hovefossen om lag fire kilometer frå sjøen. Det er etablert fiskepassasjar i begge desse fossefalla, som gjer at laks og sjøaure kan vandra opp til det absolutte vandringshinderet i Kallandsfossen. Det har i fleire år vore fokus på utøvinga av fisket i området nedstraums fossefalla, og spesiell fokus har vore på storleiken av fredingssona ved munningen av laksetrappa i Hovefossen. Det vart gjennomført drivteljing av laks og sjøaure i Nausta på tre tidspunkt sommaren 2008: 19. juni, 10. juli og 14. august. Heile elvestrekninga frå Kallandsfossen til flopåverka område nedstraums Naustdalsfossen vart undersøkt (om lag 12,5 km). Det vart registrert til saman 60 laksar i juni, 325 laksar i juli og 285 laksar i august. Hovudinnsiget av laks til Nausta synest å vera i perioden mellom midten av juni og midten av juli, slik at mesteparten av lakseoppvandringa er avslutta i midten av august. Tidleg i oppvandringsperioden var det ei vesentleg opphoping av laks i områda rett nedstraums Naustdalsfossen (82 % av alle observasjonar). Likeins var det ei viss opphoping av laks rett nedstraums Hovefossen. På undersøkingstidspunktet i juli var det meir laks nedstraums (56 %) enn oppstraums Hovefossen. Ut over dette var skeivskapen i fordeling av laks vesentleg mindre enn på undersøkingstidspunktet i juni. På undersøkingstidspunktet i august vart det observert meir laks oppstraums enn nedstraums Hovefossen. Det vart registrert til saman 11 sjøaurar i juni, 95 sjøaurar i juli og 219 sjøaurar i august. Hovudinnsiget av sjøaure til Nausta synest følgjeleg å vera etter midten av juli, i og med at det vart observert meir enn dobbelt så mykje sjøaure i august som i juli. Det var ingen indikasjonar på opphoping av sjøaure nedstraums fossefalla i Nausta på nokre av dei tre undersøkingstidspunkta. Generelt sett var sjøaure langt meir jamt fordelt i vassdraget enn laks på alle tre undersøkingstidspunkta. Dette kan skuldast at sjøaure har eit noko anna oppvandringsmønster enn laks, mellom anna med ein seinare start og tidlegare slutt på oppvandringsperioden hos sjøaure. Det er trong for meir detaljerte studium for å få eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdera vandringstilhøve og vandringshinder i Nausta. I slike studium bør ein mellom anna følgja både enkeltfisk og grupper av fisk over tid. Det er derfor trong for å nytta ulike spesifikke metodar som PIT-merking og telemetri på fisk som er fanga langt nede i vassdraget, samt videoovervaking av området like nedstraums Hovefossen og munningsområdet til fisketrappa i Hovefossen.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning, Fylkesmannen i Sogn og Fjordan, Nausta elveeigarlag.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no