Klimasats
Klima og natur – effektar og naturbaserte løysingar
Satsen skal produsere forvaltningsrelevant kunnskap om effektane av menneskeskapte klimaendringar og evaluere naturbaserte og andre klimaregulerande løysingar.
Det er særskilt fokus på korleis klimaendringane og tiltaka vil påverke artsmangfald og økosystemtenester (jf. rapportane frå IPCC og IPBES).
Andre viktige tema er artar og naturtypar som er sårbare for trendbaserte klimaendringar og/eller auka frekvens av ekstremvêr, eksperimentelle forsøk for å auke kunnskapen om effektar av klimaendringar, rolla i klimasystemet til marin, akvatisk og terrestrisk natur og alle organismane i denne naturen, knytt til f.eks. karbonutslepp, karbonopptak og bevaring av eksisterande karbonlagre samt refleksjon av innkomande solvarme, og effektar av klimaregulerande løysingar på andre aspekt enn dei ovannemnde (f.eks. landskap, friluftsliv, nasjonal og internasjonal policy, samfunn, mm.).