Prosjektinfo

Prosjektperiode: 2019-2022

Prosjektleiar: Vebjørn Veiberg

Finansiering: Miljødirektoratet, Vestland fylkeskommune

Prosjektdeltakarar:

Norsk institutt for naturforskning (NINA)

  • Vebjørn Veiberg
  • Oddgeir Andersen

Utmarksavdelinga Vest

  • Arve Aarhus

Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio)

  • Erling L. Meisingset

Forsøkskommunar

  • Kvinnherad
  • Aurland
  • Kinn (den delen som omfattar gamle Flora kommune

Fri avskyting av kalv som verkemiddel i hjorteforvaltninga (FriKalv)

Kan fri avskyting av kalv vere eit nyttig og fornuftig verkemiddel innan hjorteforvaltninga?


Foto: Vebjørn Veiberg / NINA.

Hovudmål

FriKalv ønskjer å sjå nærare på kva moglegheiter og avgrensingar som ligg i å tilby fri avskyting av kalv i kommunar med hjortejakt.

 

Delmål

  1. Å dokumentere eventuelle endringar av avskytingsmønsteret mellom forsøksperioden og åra før forsøksperioden
  2. Undersøke kva eventuelle praktiske, sosiale og etiske årsaker som avgrensar jegerane sitt jaktuttak av kalvar
  3. Undersøke i kva grad grunneigarar med beiteskader oppfattar ordninga som nyttig og konfliktdempande
  4. Undersøke korleis kommunane og valdleiinga oppfattar forsøksordninga

 

Samandrag

Jakt er den viktigaste faktoren for regulering og forming av den norske hjortebestanden. Interessekonfliktar og urettferdig fordeling av kostnader og nytteverdiar knytt til hjorten representerer derimot uheldige spenningar og hindringar i hjorteforvaltninga.

Gjennom FriKalv-prosjektet vil tre kommunar med hjortejakt få prøve ut ei forsøksordning med fri avskyting av kalv i to år. I forsøksperioden vil tildelinga av løyver skje på same vilkår som før forsøksperioden. Tal kalvar som kan fellast er derimot ikkje avgrensa av tal tildelte løyver. Viktige motivasjonsfaktorar for denne prøveordninga, er at den:

  • Gir moglegheit til auka utbyte frå hjortejakta for skadeutsette eigedomar.
  • Reduserer konfliktgrunnlaget i hjorteforvaltninga.
  • Medverkar til auka uttak frå hjortebestanden utan at dette får uheldige konsekvensar for kjønns- og aldersstrukturen i bestanden.
  • Kan bidra til å effektivisere hjortejakta og auke uttaket av eksempelvis morlause og mindreverdige (skrapdyr) kalvar.

I etterkant av forsøksperioden blir det gjennomført ei spørjeundersøking i forsøkskommunane. Målet med dette er å undersøke haldningar til og erfaringar med forsøksordninga. Konklusjonane frå prosjektet vil vere eit viktig grunnlag for å vurdere om fri avskyting av kalv kan vere eit nyttig framtidig verkemiddel i forvaltinga av hjorteviltbestandar.

 

Informasjon frå prosjektet:

Foredrag frå informasjonsmøte i Kvinnherad