Nyhetsartikkel

Per Jordhøy med bok om Lesjaleira

Publisert 01.07.2005

Den unike historia til kulturlandskapet på Lesjaleira er no dokumentert i ei bok som tar for seg historie, naturlandskap og fugleliv i områda langs Gudbrandsdalslågen frå Lesja kyrkje i vest til Lora sitt samlaup med Lågen i vest.

På 1980- og 90-talet gjorde NINA omfattande granskingar av fuglelivet på Lesjaleira, på bakgrunn av at det opp gjennom tidene var gjort ei rekkje kultiveringstiltak som påverka naturgrunnlag og vilkåra for den naturlege flora og fauna i området. Lesjaleira oppstod midt på 1800-talet då Lesjavatna vart uttappa for å gje bøndene meir grøderikt jordbruksareal. Dette prosjektet vart lenge sett på som mislykka, då dårleg drenering, årleg flaum og sandflukt gjorde at området ikkje kunne brukast til anna enn beiteland.

Etter store flaumsikringstiltak på 1970-talet var flaumfaren over og 8000 dekar steinfri jord vart tilgjengeleg som jordbruksareal. I dag har fokus på naturens mangfald og berekraftig utvikling gjort at ein i Lesja også har sett på tiltak som kan betre tilhøva for den naturlege vegetasjonen og fugle- og dyreliv, med sikte på å skape eit variert kulturlandskap der tilhøva er lagt til rette for ulike brukargrupper. Alle desse sidene er tatt opp i denne boka, som er delt i to bolkar: I. Generelt om Lesjaleira og II. Fakta frå fuglegranskingane.

Kontaktperson i NINA: Per Jordhøy , per.jordhoy@nina.no

   Motta nyhetsbrev fra nina

NINA intro
NINA
Bestillngsskjema_MaurINorge
Bestillingsskjema