Normal tekst Stor tekst Ekstra stor tekst
 
 
Tittel Terrestrisk naturovervåking. Gjenkartlegging av epifyttvegetasjonen i Solhomfjell og Børgefjelll 2000. (Terrestrial monitoring . Remapping epiphytes in Solhomfjell and Børgefjell 2000).
Undertittel
Forfattere Bruteig, I.E.
År 2001
Kilde NINA Oppdragsmelding 703: 39pp. Trondheim, Stiftelsen for naturforskning og kulturminneforskning.
ISBN, ISSN 82-426-1246-3 0802-4103
Referat

Referat Bruteig, I.E. 2001. Terrestrisk naturovervaking. Gjenkartlegging av epifyttvegetasjonen i Solhomfjell og Børgefjell 2000. – NINA Oppdragsmelding 703: 1-39. Rapporten presenterer resultat frå tredje gongs kartlegging av epifyttvegetasjonen i overvakingsområda Solhomfjell i Aust-Agder og Børgefjell i Nord-Trøndelag. I Solhomfjell er under-søkinga gjort på stammen av furu i fem prøvefelt og i Børgefjell på stammen av bjørk i seks prøvefelt. I Solhomfjell vart 34 takson av epifyttisk lav registrert, samt éin epifyttisk mose, éin ubestemt borkbuande sopp og éin førekomst av aerofyttisk alge. Den totale dekninga har auka frå rundt 13% i 1990 og 1995 til nær 15% i 2000. Førekomsten av brunskjegg er framleis låg, men har auka frå eit snitt på 1,8 individ/tre i 1990 til 5,9 individ/tre i 2000. I 1990 var ein tredjedel av all blad/busklav registrert som skadd, medan dette har minka til knapt 12% skade på blad/busklav i 2000. I Børgefjell vart også 34 takson av epifyttisk lav registrert, samt to epifyttiske mosar og to borkbuande sopp. Den totale epifyttdekninga var svært høg, og hadde auka frå 67% i 1990 til 75% i 1995 og 77% i 2000. Førekomsten av vanleg kvistlav har auka signifikant i 10-års-perioden, medan snømållav har gått signifikant tilbake. I 1990 var berre 1,4% av førekomsten av blad/busklav registrert som skadd, medan dette hadde auka til rundt 6% i 1995 og 2000, truleg av klimatiske årsaker. Emneord: terrestrisk miljø – epifyttar – lav – furu – bjørk – overvaking – langtransportert luftforureining.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.