Publikasjon

Tittel Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2010
Undertittel
Forfattere Landa, A., Tovmo, M., Meås , R., Eide, N. E., Flagstad, Ø. & Andersen, R.
År 2011
Kilde NINA Rapport 603: 36 pp. Norsk institutt for naturforskning, Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2180-1
Referat

Avlsprogrammet for fjellrev starta i den nåverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjel-let (Oppdal). Her er avlsprogrammet basert på maksimering av trivsel for dyra, med store inn-hegningar i naturleg fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Prosjektet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske varia-sjonen som er att i Noreg og Sverige. Det er henta inn totalt 23 viltfanga kvalpar til programmet (inklusiv 4 som viste seg å ha farmrevopphav). Hausten 2009 var stasjonen full, med 8 par i stasjonen samt eit par i Langedrag Naturpark. Alle para i programmet fekk kvalpekull våren 2010, og det vart fødd totalt 72 kvalpar. I åra 2006–2010 er det fødd 26 kull i avlsprogrammet, med totalt 176 kvalpar. I perioden 2006–2009 er det sett ut totalt 87 dyr frå avlsprogrammet. Av desse har ein funne att 56 dyr ein eller fleire gonger i datamaterialet det første året etter utsetjing. I datamaterialet for 2010 er 32 av desse dyra funne att. Av dei 38 dyra som vart sett ut i 2009 er 26 funne att i materialet for 2010. To av desse er bekrefta døde, noko som gir ei minimumsoverleving første år på 63%. Vinteren 2010/2011 vart det sett ut 72 nye kvalpar på Dovre, på Finse og i Junke-ren (Rana). På Dovrefjell vart det i 2010 registrert fem ynglingar i det fri som har sin basis i utsette dyr, med til saman minimum 39 kvalpar. Alle dei fire genetiske linjene i avlsprogrammet er representert i desse ynglingane.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no