Publikasjon

Tittel Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2011
Undertittel
Forfattere Landa, A., Tovmo, M., Meås , R., Eide, N.E., Flagstad, Ø., Ulvund, K.R. & Andersen, R.
År 2012
Kilde NINA Rapport 796: 51 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2391-1
Referat

Avlsprogrammet for fjellrev starta i den noverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjel-let (Oppdal). Stasjonen er basert på maksimering av trivsel for dyra, med store innhegningar i naturleg fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Prosjektet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. Det er henta inn totalt 24 viltfanga kvalpar til programmet (inklusiv 4 som viste seg å ha farmrevopphav). Hausten 2010 var stasjonen full, med 8 par i stasjonen samt eit par i Langedrag Naturpark. Eit par rømte i mars månad. Alle dei attverande para i avlsstasjonen fekk kvalpekull våren 2011 (totalt sju kull). Kulla varierte i storleik (1–12), og det vart produsert totalt 42 kvalpar. I åra 2006–2011 er det fødd 33 kull i avlsprogrammet, med totalt 218 kvalpar. Prosjektet er no i ein fase der det er naudsynt å erstatte avlsdyr etter kvart som dei når høg alder og såleis produse-rer få avkom. Ein fortsatt høg produksjon av kvalpar for utsetjing føreset òg at ein løyser prob-lema med opphoping av snø og dermed unngår rømmingar. I perioden 2006–2010 er det sett ut totalt 156 dyr frå avlsprogrammet. Av desse har ein funne att 61 dyr ein eller fleire gonger etter 1. april det første året etter utsetjing. 37 av dei 156 dyra er funne att i datamaterialet etter 1. april 2011. Av dei 71 dyra som vart sett ut vinteren 2010/2011 er 13 funne att i datamaterialet etter 1. april 2011. Sju av desse har yngla sommaren 2011, to av dei i Sverige. Vinteren 2011/2012 vert det sett ut totalt 41 nye kvalpar i Knutshø, på Finse og i Junkeren (Rana). Den registrerte overlevinga første år etter utsetjing varierer mellom år (18–72 %). Overleving er truleg underestimert grunna utvandringar og manglande regist-reringar. I 2011 vart det i Noreg registrert 14 ynglingar i det fri som har sin basis i utsette dyr, med til saman minimum 113 kvalpar. Det var registrert ynglingar med opphav i avlsprogrammet både i Snøhetta (11), i Knutshø (1), på Finse (1) og i Saltfjellet (1). I tillegg vart det registrert ynglingar med opphav i revar frå Avlsprogrammet i Helags (3) og Vindelfjällen (4) i Sverige. Alle dei fire genetiske linjene i avlsprogrammet er representert i desse ynglingane. I 2010 og 2011 var det til saman minst 28 ynglingar i det fri av dyr med opphav i Avlsprogram-met (8 av desse i Sverige). I Noreg utgjorde ynglingar av dyr utsett frå Avlsprogrammet meir enn ein tredjedel av alle ynglingar. Dagens fjellrevbestand i Snøhetta er eit resultat av utset-jingar frå Avlsprogrammet sidan 2007. Denne bestanden er i dag den største i Noreg med minst 25 individ før yngling i 2011 og 11 kull med nærare 100 kvalpar registrert fødd i 2011. Det var ein yngling i Finseområdet, men det er ei forventning om auka antal ynglingar her i dei næraste åra. Reetablering av Finsebestanden vil truleg gå snøggare dersom smågnagardy-namikken tek seg opp att i området. Det vart i 2011 ikkje registrert ynglingar av fjellrev i Junkeren (Rana) trass i utsetjingar dei tre siste åra. Utsette dyr i Junkeren ser ut til å etablere seg i nærliggjande fjellområde og ikkje i utsetjingsområdet. Mange har òg vandra over til Vindelfjällen i Sverige, og etablert seg og yng-la her.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no