Publikasjon

Tittel Forsøk med trål og ekkolodd i Mjøsa, 2012
Undertittel
Forfattere Gjelland, K.Ø., Rustadbakken , A., Haugen , T.O. & Sandlund, O.T.
År 2013
Kilde NINA Rapport 927: 27 pp + vedlegg. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Tromsø.
ISBN, ISSN 978-82-426-2531-1
Referat

Trål har i liten grad vore brukt ved undersøkingar av fiskesamfunn i norske innsjøar. Gjennom innføringa av Vanndirektivet har Norge forplikta seg til meir regulær oppfølging av den økologiske tilstanden i større vassførekomstar. Tettleik, rekruttering, artsfordeling og vekst hjå fisk er alle parametrar der ein kan forvente relativt rask respons på miljøendringar. Det er derfor viktig å ha datainnsamling med verktøy som gjev eit mest mogeleg representativt bilete av fiskebestandane. Ekkolodd er det viktigaste instrumentet for fiskemengdemåling i dag. Samanlikna med prøvefiskegarn som berre gir relative tettleiksmål som fangst per innsats, gir ekkoloddet kvantitative mål på fiskemengde per overflateareal og vassvolum. Men ekkoloddet gir ikkje direkte informasjon om art, og data frå ekkoloddkøyringar må derfor alltid supplerast med data frå ein eller fleire fangstmetodar. I denne samanheng er trål ein viktig reiskap. Tråling gjev både biologisk materiale og kvantitativ informasjon om fisketettleik, samt at den kan fange godt på liten fisk som er vanskeleg å fange med garn. Målet med denne undersøkinga var å skaffe erfaring med tråling med ein ny og lett trål tilpassa ferskvassbruk. Samtidig ville me gjere undersøkingar med garnfangsting med multigarn, og bruk av fleire ekkolodd og frekvensar for å vurdere samsvaret dei imellom. Undersøkinga blei gjennomført i Mjøsa, sør for Mjøsbrua 11.-14. september 2012. Det vart køyrt trål og ekkolodd (70 og 200 kHz) i tre netter og fiska med garn i to netter. Trål og flytegarnfisket blei gjennomført i djupneintervalla 0-6 m og 15-22 m. Samla var fangstane 805 fisk i trålen, 305 fisk i flytegarna, og 413 fisk i botngarn. Drøftinga av resultata fokuserer på den pelagiske fisken. Trålfangsten og garnfangsten utfyller kvarandre. Trålen fanga godt på 0+ krøkle, som ikkje vart fanga på garn. Samstundes fanga trålen lite fisk >15 cm, storleikar som utgjorde ein stor del av garnfangsten. Med berre ein av metodane (trål eller garn) ville me fått eit mykje dårlegare bilete av fiskesamfunnet. Fangstane i pelagialen var dominerte av krøkle. Grovt estimerte tettleikar ut frå trålfangstane var i same storleiksorden som akustisk estimerte tettleikar. Både i fangstar og med ekkolodd observerte me ein storleiksstrukturert fiskebestand. I storleiksfordelinga frå fangstane observerte me ein topp kring 30-35 cm beståande av sik, ein kring 19-23 cm beståande av lagesild og stor krøkle, ein topp kring 12 cm (krøkle), samt ein topp kring 5 cm (0+ krøkle). Tilsvarande var det fire toppar i ekkostyrkefordelinga, men ingen av dei vanleg brukte regresjonane mellom lengde og ekkostyrke gav god tilpassing mellom fiskelengde og ekkostyrke for alle toppane. Me observerte tydelege habitatskilnader mellom ulike artar og storleiksgrupper både i fangstar og med ekkolodd, ein klar indikasjon på at observasjonar med ekkoloddet kan brukast til å indikere ulik habitatfordeling mellom ulike storleiksgrupper og artar i fiskesamfunnet. Me fann vidare godt samsvar mellom resultata frå dei ulike ekkolodda (to 70 kHz og eit 200 kHz). Som forventa kunne 200 kHz også brukast til å skilje Mysis frå fisk. Basert på erfaringane frå dette studiet vil me koma med følgjande tilrådingar for det vidare arbeidet med overvaking av fiskesamfunn i større innsjøar: • Bruk av ekkolodd for mengdeberekning og storleiksamansetjing bør vere standard metode. Ingen andre metodar kan gje tilsvarande pålitelege data og tilsvarande god dekningsgrad innanfor eit forsvarleg budsjett. • Ekkoloddundersøkingane må utfyllast med fangstdata. Resultata frå denne runden tydde på at både trål og garn må nyttast, men me trur at med vidare utvikling av trålen kan tråling åleine vere tilstrekkeleg for fiske i pelagialsona. • Vellukka tråling krev erfaring, og me tilråder bruk av djupnesensorar for å ha kontroll med trålens oppførsel. Det vil også vere til nytte ved dokumentering av arbeidet. Me tilrår også å setje av noko ekstra tid og midlar til vidare utprøving av trål som metode, gjerne med ein trål som har større opningsareal enn den me prøvde ut i dette arbeidet. • Det bør arbeidast målretta for å betre kunnskapen om samanhengen mellom ekkostyrke og fiskestorleik, for å kunne nytte meir av informasjonen ekkoloddet gjev om fiskebestandane. • Det bør frå forvaltninga si side arbeidast aktivt for å utarbeide retningslinjer for konsistent design for undersøkingar, bruk av analysemetodar, og rapporteringsvariablar (inkludert terminologibruk) for større innsjøar. I denne samanhengen bør ein tenke på å få rapportert tilstrekkeleg mengde med rådata eller prosesserte data, slik at nye analysar av eksisterande data kan gjennomførast dersom eller når nye metodar og modellar vert tilgjengelege. Dette er særleg viktig for å heve samanlikningsgrunnlaget mellom ulike undersøkingar, anten det er mellom innsjøar eller mellom ulike aktørar som arbeider i same innsjø. Ikkje minst vil dette vere viktig for å kunne spore endringar i økologisk tilstand over tid, eller i høve til referansetilstand.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no