Publikasjon

Tittel Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2012
Undertittel
Forfattere Landa, A., Tovmo, M., Ulvund, K.R., Meås, R., Eide, N.E., Flagstad, Ø. & Andersen, R.
År 2013
Kilde NINA Rapport 939: 61 pp. Norsk institutt for naturforskning (NINA), Trondheim.
ISBN, ISSN 978-82-426-2544-1
Referat

Avlsprogrammet for fjellrev starta i den noverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjellet (Oppdal). Stasjonen er basert på maksimering av trivsel for dyra, med store innhegningar i naturleg fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Programmet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. Det er henta inn totalt 24 viltfanga kvalpar til programmet (inklusiv 4 som viste seg å ha farmrevopphav). Hausten 2012 var stasjonen nesten full, med 8 par i stasjonen samt eitt par i Langedrag Naturpark. Tispa på Langedrag døydde og eitt par rømte frå avlsstasjonen i løpet av seinvinteren. Alle dei attverande para i stasjonen fekk sannsynlegvis kvalpekull våren 2012 (totalt sju kull). Kulla varierte i storleik (1–8), og det vart sannsynlegvis produsert totalt 40 kvalpar. Av desse vart 20 merkt medan resten døydde før merking. Det er grunn til å tru at den seine snøsmeltinga saman med ein våt og kald sommar førte til at det var problematisk for foreldrepara å halde kvalpane tørre og varme. Kvalpane har dermed truleg døydd grunna væte og nattefrost medan dei var små og immobile. I åra 2006–2012 er det fødd 40 kull i avlsprogrammet, med totalt 258 kvalpar. Programmet er no i ein fase der det er naudsynt å erstatte avlsdyr etter kvart som dei når høg alder og såleis produserer få avkom. Ein fortsatt høg produksjon av kvalpar for utsetjing føreset òg at ein løyser problema med opphoping av snø rundt innhegningane og dermed unngår rømmingar. I perioden 2006–2011 er det sett ut totalt 196 dyr frå avlsprogrammet. Av desse har ein funne att 67 dyr ein eller fleire gongar etter 1. april det første året etter utsetjing. Av dei 40 dyra som vart sett ut vinteren 2011/2012 er 6 funne att i datamaterialet etter 1. april 2012. Den registrerte overlevinga første år etter utsetjing varierer mellom år (15–71 %). Overleving er truleg betydeleg underestimert grunna utvandringar og manglande registrering av kjente individ. Vinteren 2012/2013 vert det sett ut totalt 14 nye kvalpar frå programmet, alle på Finse. I 2012 vart det i Noreg registrert berre éi yngling i det fri. To fjellrevar med opphav frå avlsstasjonen fekk minimum fire kvalpar på eit hi i nærleiken av avlsstasjonen. Det vart få ynglingar trass i at det i alle utsetjingsområde vert utført aktiv støttefôring. Årsaka til dette er at 2012 har vore eit utprega botnår for mus og lemen. Dette syner tydeleg kor avhengig fjellreven er av lemen for å reprodusere. I motsetnad til den store variasjonen i yngling hjå revane i det fri, får revane i avlsstasjonen kvalpar sjølv i år utan smågnagarar. Forskjellen i reproduksjon hjå fjellrev i avlsstasjonen og dei som lever vilt kan tyde på at predasjonsstress kan vere ein viktig faktor med negativ påverknad på reproduksjon i det fri.
Oppdragsgiver Direktoratet for naturforvaltning.

Kontakt

Norsk institutt for naturforskning
Biblioteket
N-7485 TRONDHEIM
  Tlf. +47 404 69 176
  Fax. +47 73 80 14 01
  e-post: biblioteket@nina.no