Nyheter

 

Nå står Vidda for tur!

Publisert: 27. februar 2014
Tekst: Camilla Næss

På Hardangervidda er det meir enn 200 gamle fjellrevhi som står tome og vitnar om at dette ein gang var eit av dei største og talrikaste fjellrevområda i Noreg. Nå har avlsprogrammet i NINA sett ut  30 nye fjellrevar i området.

Nå står Vidda for tur!
Nå har avlsprogrammet i NINA sett ut 30 nye fjellrevar på Hardangervidda. Foto © Arild Landa/NINA

Kvalpane vart frakta frå Avlsstasjonen på Oppdal i store transportkassar til Songa ved Haukeli. Der vart dei lasta om i små kattebur og kjørt ut til dei utvalde hia av SNO og Hardangervidda fjelloppsyn. Dei utvalde hia ligg frå 1250-1350 moh og er dei mest høgstliggjande gamle intakte fjellrevhia i området. 

 


Klima- og miljøminister Tine Sundtoft var med på den historiske utsetjinga, her saman med prosjektleiar Arild Landa. Foto © Kristoffer Ullern Hansen/SNO

Til og med 2013 er det sett ut 71 revekvalpar ved Finse nord for Vidda. Det har ikkje vore gode lemenår sidan utsetjinga starta, men utsette revar har hatt tilgang på mat frå 21 fôrautomatar som SNO røktar. Før yngling i 2013 var det fast tilhald av minst 14 fjellrevar i området og i 2013 var det fire ynglingar med til saman minst 15 kvalpar der.      
Det er med andre ord god fart i Avlsprogrammet si re-etableringa av fjellrev på Finse og utsetjing på Vidda er såleis ein naturleg vidareføring for å få fjellreven attende til Hardangervidda-området. 

Det er i Vinje kommune og Telemark sin del av Vidda at vi hadde dei siste fjellrevynglingane på 1980-talet. Det er også her at vi finn gamle fjellrevhi høgst til fjells. Det er derfor i denne delen av Vidda at vi har best tru på at fjellreven kan etablere seg i konkurranse med raudreven. Oppsynsrapportar tyder på at det kan bli eit godt lemenår i 2014. 

–Om dette slår til vil dette vera god drahjelp til re-etableringa av fjellrev til Vidda fortel ein optimistisk prosjektleiar, Arild Landa.  

Meir informasjon - kontakt Arild Landa, telf. 93087930

                

Skriv ut
Søk etter nyheter
Nyhetsarkiv

Archive

Norsk institutt for naturforskning

NINA er en uavhengig stiftelse som forsker på natur og samspillet natur – samfunn.
Følg oss på: